«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 8

1  Kven er som vismannen, og kven veit å tyda tingi? Visdomen gjer mannsens andlet ljost, og trassen i hans åsyn vert umskift.

2  Eg segjer: Akta på bod ifrå kongen, og det for den eid skuld som du hev svore ved Gud!

3  Gakk ikkje for snart burt frå han, og ver ikkje med på noko som er vondt! For han gjer alt det han vil.

4  For eit kongeord er mektigt, og kven torer segja til han: Kva gjer du?

5  Den som held bodet, skal ikkje lida noko vondt, og vismanns hjarta skal få kjenna tid og dom.

6  For kvart tiltak hev si tid og sin dom; for kvar manns vonde verk kjem til å liggja tungt på han;

7  for han veit ikkje kva som skal henda; for kven kann segja han korleis det vil ganga?

8  Ingen mann hev makt yver vinden, so han kann halda han att; ingen hev heller makt yver døyande-dagen, og ingen slepp å gjera hertenesta. Soleis kann ikkje heller gudløysa berga sin mann.

9  Alt dette hev eg set, medan eg hev gjeve gaum etter alt det som hender under soli, på ei tid då det eine mennesket rådde yver det andre og valda han ulukka.

10  Sidan såg eg at ugudlege kom i grav og gjekk inn til kvila, men at dei som hadde gjort rett, laut fara burt frå bustaden åt den Heilage og vart gløymde i byen. Det er fåfengd det og.

11  Av di domen yver det vonde verket ikkje vert fullførd straks, vert hjarta i mannsborni fullt av mod til å gjera det som vondt er,

12  sidan syndaren hundrad gonger gjer det som vondt er, og like vel lever lenge; men endå veit eg at det skal ganga dei vel som ottast Gud, av di dei hev otte for Gud,

13  men at det ikkje vil ganga den ugudlege vel, og at han liksom skuggen ikkje skal leva lenge, av di han ikkje ottast Gud.

14  Det er noko fåfengt som hender på jordi: at det finst rettferdige som fær ein lagnad plent som dei hadde gjort ugudlege folks gjerningar, og at det finst ugudlege som fær ein lagnad plent som dei hadde gjort rettferdige folks gjerningar. Eg segjer at det er fåfengd det og.

15  So prisa eg då gleda, av di mannen ikkje hev noko anna godt under soli enn å eta og drikka og vera glad; og det fylgjer han i hans strev i dei levedagane som Gud hev gjeve han under soli.

16  Då eg la hugen på å få kjenna visdom og å sjå på det strevet og kavet som folk hev her på jordi - for korkje dag eller natt fær dei blund på augo -

17  då såg eg at det er so med alt Guds verk at menneskja ikkje kann grunda ut det som hender under soli; for alt det menneskja strevar med å granska det ut, fær ho ikkje tak i det, og um ein vismann segjer at han nok skal skyna det, so greider han ikkje grunda det ut like vel.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23