«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 7

1  Betre eit godt namn enn god olje, og betre døyande-dagen enn fødedagen.

2  Betre å ganga til syrgjehus enn til gjestebodshus; for i syrgjehuset endar kvar manns liv, og den som lever, legg seg det på hjarta.

3  Betre gremmelse enn lått; for rett som andletet ser sture ut, er hjarta vel til mods.

4  Hjarta åt vismenner er i syrgjehus, men hjarta åt dårar er i gledehus.

5  Betre å høyra skjenn av ein vismann enn høyra song av dårar;

6  for som klungerris sprakar under gryta, soleis er det når dåren lær; det og er fåfengd.

7  For urett vinning gjer vismann til dåre, og mutor skjemmer ut hjarta.

8  Betre enden på ein ting enn upphavet, betre å vera tolmodig enn ovmodig.

9  Ver ikkje for brå i hugen til å harmast; for harmen bur i barmen på dårar.

10  Seg ikkje: Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er? For det er ikkje av visdom du spør um det.

11  Visdom er jamgod med ervegods, ja endå gjævare for dei som ser soli;

12  for ein sit i skuggen av visdomen som i skuggen av rikdom, men fyremunen med kunnskap er at visdomen held eigaren i live.

13  Sjå på Guds verk! For kven kann beinka det som han hev gjort krokut?

14  På ein god dag skal du vera i godlag; og på ein vond dag skal du tenkja på at Gud hev gjort den og, likso vel som hin, so menneskja ikkje skal finna noko etter seg*.

15  Alt hev eg set i mitt fåfengde liv: Mang ein rettferdig gjeng til grunns trass i si rettferd, og mang ein ugudleg lever lenge trass i sin vondskap.

16  Ver ikkje altfor rettferdig, og te deg ikkje yvervættes vis! Kvifor vil du tyna deg sjølv*?

17  Ver ikkje altfor ugudleg*, og ver ikkje ein dåre! Kvifor vil du døy fyre tidi?

18  Det er godt at du held fast på det eine, men du skal ikkje sleppa det andre heller; for den som ottast Gud, finn ein utveg or alt dette.

19  Visdomen er ei sterkare vern for vismannen enn ti mektige menner i ein by;

20  for det finst ikkje eit rettferdig menneske på jordi, som berre gjer godt og aldri syndar.

21  Akta ikkje heller på alt det som folk segjer, elles kunde du få høyra din eigen træl banna deg!

22  For du veit då med deg sjølv at du og mange gonger hev banna andre.

23  Alt dette hev eg røynt ut med visdom; eg sa: Visdom vil eg vinna, men han er langt burte frå meg endå.

24  Det som er langt burte og løynt djupt, djupt nede - kven kann finna det?

25  Eg såg meg um, og hugen min stod til å vinna kunnskap og å granska og leita etter visdom og klokskap og å skyna at gudløysa er dårskap, og at dårskapen er vitløysa.

26  Då fann eg noko som er beiskare enn dauden: kvinna - ho er eit garn og hjarta hennar ei snara, og hendene hennar er lekkjor; den som tekkjest Gud, slepp ifrå henne, men syndaren vert hennar fange.

27  Sjå, dette fann eg ut, segjer preikaren, då eg la det eine i hop med det andre og vilde koma til ei endelykt.

28  Det som eg stødt hev leita etter, men ikkje funne, det er: EIN mann hev eg funne millom tusund, men ei kvinna hev eg ikkje funne i heile flokken.

29  Berre dette hev eg funne ut, skal du vita, at Gud skapte menneskja som ho skulde vera, men dei søkjer mange krokar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23