«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 9

1  For alt dette hev eg lagt meg på hjarta, og eg hev freista å grunda ut alt dette: at dei rettferdige og dei vise og deira verk er i Guds hand; um det er kjærleik eller hat, veit ingen mann*; alt kann dei venta seg.

2  I alle måtar fær dei* same ferdi som alle andre; den same lagnaden råkar den rettferdige og den ugudlege, den gode og reine og den ureine, den som ofrar og den som ikkje ofrar; det gjeng på same vis med den gode som med syndaren, med den som sver, som med den som er redd å sverja.

3  Det er det som er det leide med alt som hender under soli, at alle fær same lagnaden, og so er og hjarta åt mannsborni fullt av det som vondt er, og dei ber vitløysa i hjarta sitt so lenge dei lever, og sidan lyt dei av til dei daude;

4  for kven er det vel som slepp det? For alle dei som lever, er det von; for ein levande hund er betre enn ei daud løva;

5  for dei levande veit at dei skal døy, men dei daude veit ingen ting, og dei fær ikkje lenger nokor løn, for minnet um dei er gløymt.

6  Både kjærleiken deira og hatet og æresykja er det slutt med for lenge sidan, og aldri meir fær dei hava noko med det som hender under soli.

7  So et då ditt brød med gleda og drikk med godt mod din vin! For Gud hev longe godkjent det du gjer.

8  Lat klædi dine stødt vera kvite, og lat det ikkje vanta olje på hovudet ditt!

9  Njot livet med ei kona som du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv, som Herren hev gjeve deg under soli, alle dine fåfengde dagar! For det er din lut i livet og i strevet ditt som du mødest med under soli.

10  Alt det di hand vinn gjera med di kraft, det skal du gjera! For det finst korkje arbeid eller klokskap eller kunnskap eller visdom i helheimen, som du gjeng til.

11  Framleides såg eg under soli at det ikkje er visst at dei lettføtte vinn i skeidet, eller at kjempone sigrar i striden, eller at dei vise kann få seg brød, eller at dei vituge kann vinna seg rikdom eller dei kloke manntekkje; for tid og lagnad møter dei alle.

12  For menneskja kjenner likso lite si tid som fiskane som vert fanga i ulukke-garnet, eller fuglane som vert fanga i snara; liksom dei vert mannsborni fanga i ustundi, når ho brått kjem yver dei.

13  I dette og såg eg visdom under soli, og stor tykte eg han var:

14  Det var ein liten by, og få folk hadde han. So kom det ein stor konge mot han og kringsette han og bygde store vollar mot han.

15  Men det fanst der i byen ein fatig vismann, og han berga byen med visdomen sin; og ikkje eit menneske hadde kome i hug denne fatige mannen.

16  Då sa eg: Visdom er betre enn styrke; men folk vanvyrder fatigmanns visdom, og dei høyrer ikkje på det han segjer.

17  Vismanna-ord som ein høyrer i ro, er betre enn hovdings rop millom dårar.

18  Visdom er betre enn våpen, men EIN syndar kann tyna mykje godt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23