«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 4

1  Framleides såg eg på alle dei valdsverk som vert gjorde under soli; eg såg at dei som vart trælka, gret, og ingen trøysta dei; eg såg at valdsmennene bruka makt mot dei, og ingen trøysta dei.

2  Då laut eg segja at dei avlidne, dei som alt hadde fenge døy, dei var sælare enn dei levande, dei som endå var i live;

3  men sælare enn båe tvo er den som ikkje hev vorte til endå, og som hev sloppe å sjå dei vonde verk som folk gjer under soli.

4  Og eg såg at alt strev og all dugleik i arbeidet hev sin grunn i at den eine er meir æregjerug enn hin; det og er fåfengd og jag etter vind.

5  Dåren legg hendene i fanget og tærer på sitt eige kjøt.

6  Betre ein neve med ro enn båe hendene fulle av strev og jag etter vind.

7  Og endå meir fåfengd vart eg var under soli,

8  Stundom stend ein mann åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror, og like vel er det ingen ende på alt strevet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strevar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det og er fåfengd, og ei leid plaga er det.

9  Tvo er betre farne enn ein, for dei hev god løn for strevet sitt;

10  um dei dett, kann den eine reisa upp felagen sin; men stakkars den som er åleine, for dett han, hev han ingen til å reisa seg upp!

11  Like eins når tvo ligg i hop, so vert dei varme; men korleis kann den som ligg åleine, verta varm?

12  Og um nokon kann vinna yver den som er åleine, so kann tvo standa seg imot han, og tritvinna tråd slit ein ikkje av so snart.

13  Betre å vera ein fatig og vis ungdom enn ein gamal fåviting til konge, som ikkje lenger hev vit til å lata seg segja;

14  for or fangehuset kjem den eine ut og vert konge*; hin vert fatig, endå han er fødd i kongedømet sitt.

15  Eg såg alle levande som ferdast under soli, fylgja med ungdomen, han den nye, som skulde koma i staden for den gamle*.

16  Det var ingen ende på alt det folket han var førar for. Like vel hev dei ingi gleda av han, dei som sidan kom; for dette og er fåfengd og jag etter vind.

17  Akta foten din når du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein kjem dit og vil høyra, enn at dårar ber fram offer; for dei veit ikkje at dei gjer vondt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23