«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 3

1  Alt hev si stund, og ei tid er sett for alt tiltak under himmelen.

2  Fødast hev si tid og døy hev si tid; planta hev si tid og riva upp det som er planta, hev si tid;

3  drepa hev si tid og lækja hev si tid; riva ned hev si tid og byggja upp hev si tid;

4  gråta hev si tid og læ hev si tid; syrgja hev si tid og dansa hev si tid;

5  kasta stein hev si tid og sanka stein hev si tid; fangtak hev si tid og halda seg frå fangtak hev si tid;

6  leita hev si tid og missa hev si tid; gøyma hev si tid og kasta burt hev si tid;

7  riva sund hev si tid og sauma i hop hev si tid; tegja hev si tid og tala hev si tid;

8  elska hev si tid og hata hev si tid; ufred hev si tid og fred hev si tid.

9  Kva vinning fær då den som gjer noko, av strevet han hev med det?

10  Eg såg på den plaga som Gud hev gjeve mannsborni å plagast med.

11  Alt hev han laga fagert til si tid; ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann skyna til fullnads det verk som Gud hev gjort, frå upphav og til endes.

12  Eg skyna at dei ikkje hev noko anna godt enn å gleda seg og goda seg so lenge livet varer;

13  men når ein mann, kven han so er, fær eta og drikka og njota livet for strevet sitt, so er det og ei Guds gåva.

14  Eg skyna at alt det Gud gjer, det varer æveleg; ikkje kann ein leggja noko til, og ikkje kann ein taka noko ifrå. Det hev Gud gjort so, av di me skal ottast han.

15  Det som er, det var alt fyrr, og det som koma skal, det hev og vore fyrr; Gud leitar upp att det framfarne.

16  Framleides såg eg under soli: I domarstolen, der sat gudløysa, og der som rettferdi skulde råda, der rådde gudløysa.

17  Då sa eg med meg sjølv: Gud skal døma både den rettferdige og den gudlause; for hjå han er det sett ei tid for alt tiltak og for kvart verk.

18  Eg sa med meg sjølv: Det er for mannsborni skuld dette hender, so Gud kann prøva dei, og so dei kann sjå at dei i seg sjølve ikkje er anna enn dyr;

19  for lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og EIN livsande hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri; for alt er fåfengd.

20  Alle gjeng til EIN stad; alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi.

21  Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?

22  So skyna eg at ingen ting er betre for mannen enn at han gled seg i arbeidet sitt; for det er det gode som han fær; for kven let han få sjå det som skal koma etter han?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23