«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 2

1  Då sa eg til hjarta mitt: Kom, so skal eg prøva deg med gleda; njot det som godt er! Men so var det fåfengd det og.

2  Til låtten sa eg: Du er vitlaus! Og til gleda: Kva gagn gjer du?

3  Eg kom på den tanken at eg skulde kveikja lekamen med vin, medan hjarta styrde mi ferd med visdom - eg tenkte eg vilde halda meg til dårskapen, til dess eg fekk sjå kva som var best for mannsborni å gjera under himmelen dei dagane livet varer.

4  Eg fullførde store verk: Eg bygde meg hus, planta meg vingardar,

5  gjorde meg hagar og parkar og sette alle slag frukttre i dei,

6  eg gjorde meg vassdammar til å vatna ein skog av tre som voks upp.

7  Eg kjøpte trælar og trælkvinnor, og eg hadde heimefødde trælar; mykje bufe fekk eg meg og, både stort og smått, meir enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem.

8  Eg samla meg og sylv og gull og eigneluter som kom frå framande kongar og land; eg fekk meg songarar og songmøyar og det som er til lyst for mannsborni: ei kona, ja mange.

9  Eg vart større og mektigare enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem, og attpå hadde eg visdomen min hjå meg.

10  Alt det augo ynskte, let eg dei få, eg neitta ikkje hjarta mitt nokor gleda; for hjarta hadde gleda av alt mitt strev, og det var det eg hadde att for alt mitt strev.

11  Men når eg såg på alt det som hendene mine hadde gjort, og den møda det hadde kosta meg, då såg eg at det var fåfengd og jag etter vind alt i hop, og at det finst ingi vinning å nå under soli.

12  So gav eg meg til å sjå på visdom og på dårskap og vitløysa; for kva vil den mannen gjera som kjem etter kongen? Det same som andre hev gjort for lenge sidan.

13  Då såg eg at visdomen hev same fyremunen framfor dårskapen som ljoset hev framfor myrkret;

14  den vise hev augo i hausen, men dåren ferdast i myrkret. Men eg skyna og at same lagnaden råkar den eine som den andre.

15  Då sa eg med meg sjølv: Den lagnad som dåren fær, den fær eg og; kva skulde det då vera til at eg var so vis? Og eg sa med meg sjølv at det var fåfengd det og.

16  For minnet um den vise varer ikkje meir æveleg enn minnet um dåren; i dei komande dagar vil alt longe vera gløymt, og lyt ikkje den vise døy, likso vel som dåren?

17  Då vart eg leid av livet; for alt som hender under soli, tyktest meg vera vondt; for alt i hop er fåfengd og jag etter vind.

18  Og eg vart leid av alt mitt strev, som eg hadde mødt meg med under soli, av di eg skulde leiva det til dei som kjem etter meg.

19  Kven veit um det vert ein vismann eller ein dåre? Og endå skal han råda yver alt det eg hev vunne med møda og med visdom under soli! Det er fåfengd det og.

20  Då tok eg reint til å orvonast for alt det strevet som eg hadde mødt meg med under soli.

21  For um ein mann hev gjort sitt arbeid med visdom og kunnskap og dug, so lyt han like fullt gjeva det frå seg til eiga åt ein mann som ikkje hev havt nokor møda med det. Det og er fåfengd og ei stor ulukka.

22  Ja, kva hev mannen att for alt sitt strev og sine hugmål, som han mødest med under soli?

23  For alle hans dagar er fulle av pinsla, og all hans umak er berre leidelse; ikkje ein gong um natti fær hjarta hans kvila. Det er fåfengd det og.

24  Er det ikkje ei lukka for mannen at han kann eta og drikka og unna seg gode dagar for strevet sitt? Men eg såg at det og kjem frå Guds hand;

25  for kven kunde eta og kven kunde njota meir enn eg?

26  For den mannen som tekkjest han, gjev han visdom og kunnskap og gleda; men syndaren gjev han umaken med å samla og draga i hop so ein som tekkjest Gud, kann få det. Det og er fåfengd og jag etter vind.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23