«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 1

1  Ord av preikaren, son åt David, konge i Jerusalem.

2  Berre fåfengd, segjer preikaren, berre ideleg fåfengd! Alt er fåfengd.

3  Kva vinning hev mannen av alt sitt strev, som han møder seg med under soli?

4  Ætt gjeng, og ætt kjem, men jordi stend æveleg.

5  Og soli renn, og soli glader, og ho skundar seg dit att der ho plar renna.

6  Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord; han snur seg og snur seg medan han gjeng, og tek so på att med kringlaupet sitt.

7  Alle bekker renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt; dit som bekkene fyrr hev runne, held dei alltid på å renna.

8  Allting maurar og strevar so ingen det ut kann segja; ikkje vert auga mett av å sjå, og ikkje vert øyra fyllt av å høyra.

9  Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst inkje nytt under soli.

10  Skulde dei segja um noko: Sjå, dette er nytt - so hev det longe vore til, i framfarne tider som var fyre oss.

11  Det er ingen som minnest dei som fyrr hev levt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller leva i minnet hjå dei som etterpå kjem.

12  Eg, preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem.

13  Eg la hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen; det er ei leid plaga, som Gud hev gjeve mannsborni å plagast med.

14  Eg såg på alt det som hender under soli, og so var det fåfengd og jag etter vind alt i hop.

15  Det som er boge, kann ikkje beinkast, og det som vantar, kann ingen rekna med.

16  Eg tenkte med meg sjølv: Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev skoda mykje visdom og kunnskap.

17  So la eg hugen på å skyna visdomen og skyna dårskap og vitløysa, men eg skyna at det var jag etter vind det og.

18  For med mykje visdom fylgjer mykje sut, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23