«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 5

1  Ver ikkje for brå med munnen din, og lat ikkje hjarta forhasta seg med å bera fram noko ord for Gud! For Gud er i himmelen og du på jordi; lat difor ordi dine vera få!

2  For mykje strev og kav gjev draumar, og av for mange ord kjem dåresvall.

3  Lovar du Gud noko, so dryg ikkje med å halda det, for han hev ikkje hugnad i dårar! Haldt det du lovar!

4  Det er betre at du inkje lovar, enn at du lovar og ikkje held det.

5  Lat ikkje munnen føra skuld yver lekamen din, og seg ikkje til Guds sendebod*: Eg gjorde det uviljande. Kvifor skal Gud harmast på det du segjer, og tyna det hendene dine gjer.

6  For med mange draumar fylgjer mykje fåfengd, og like eins med mange ord. Nei, du skal ottast Gud!

7  Um du ser at fatigmannen vert trælka, og at dei trakkar rett og rettferd under føter i landet, so undrast ikkje på den ting! For den høgsette hev ein høgre til å vakta på seg, og ein som er høgst, vaktar på dei båe tvo.

8  Og det er i alle høve ein fyremun for eit land at det hev ein konge som folket lyder.

9  Den som elskar pengar, vert ikkje mett av pengar, og den som elskar rikdom, fær aldri nok; det er fåfengd det og.

10  Di meir gods, di fleire til å tæra på det; og kva gagn hev eigaren av det, anna enn at han fær sjå det?

11  Søt er svevnen for arbeidsmannen, anten han et lite eller mykje; men rikmannen fær ikkje sova for mette.

12  Det finst noko syrgjeleg leidt, som eg hev set under soli: rikdom som eigaren hev gøymt til si eigi ulukka.

13  Misser han denne rikdomen i eit uhende, og han hev fenge ein son, so vert det inkje att åt han.

14  Slik som han kom ut or morslivet, skal han ganga burt att, so naken som han kom; og for strevet sitt fær han ingen ting som han kunde taka med seg.

15  Det og er syrgjeleg leidt: Plent som han kom, skal han ganga burt; kva vinning hev han då av det at han strevar burt i ver og vind?

16  Attpå et han sitt brød i myrker heile livet, og stor harm lyt han dragast med, og sjukdom og sinne.

17  Høyr no kva eg hev funne godt og fagert: at ein et og drikk og nyt det som godt er for alt strevet som ein mødest med under soli alle dei levedagar som Gud gjev han; for det er det gode som han fær.

18  Og so tidt Gud gjev ein mann rikdom og skattar og gjer han før til å njota godt av det og taka sin lut og gleda seg i strevet sitt, so er det ei gåva frå Gud;

19  for då tenkjer han ikkje so mykje på levedagane sine, av di Gud svarar han med å gjeva han gleda i hjarta.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23