«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Filipperne 2

1  Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn,

2  so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,

3  ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve.

4  Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og!

5  Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus,

6  han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik,

7  men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneske,

8  og då han i åtferd var funnen som eit menneske, nedra han seg sjølv, so han vart lydig alt til dauden, ja til dauden på krossen.

9  Difor hev og Gud storleg upphøgt han og gjeve han det namn som er yver kvart eit namn,

10  so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen, og på jordi og under jordi,

11  og kvar tunge skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.

12  Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lydige, so arbeid, ikkje berre som då eg var nærverande, men endå meir no når eg er fråverande, på dykkar frelse med age og otte!

13  For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka etter hans hugnad.

14  Gjer alt utan murring og tvilsmål,

15  so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi,

16  med di de held fram livsens ord, til ros for meg på Kristi dag, at eg ikkje hev laupt til unyttes eller arbeidt til unyttes.

17  Men um eg og vert ofra medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gleder eg meg, og gleder meg saman med dykk alle.

18  Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg!

19  Eg hev den voni i Herren Jesus at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg får vita korleis det er med dykk.

20  For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk;

21  for dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til;

22  men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet.

23  Han vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi.

24  Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart.

25  Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til å råda bot på min trong,

26  av di han lengta etter dykk alle og var ottefull for di de hadde høyrt at han hadde vorte sjuk.

27  For han vart verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot han, ja, ikkje berre mot han, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg.

28  Difor sender eg han so mykje snarare, so de kann gleda dykk ved å sjå han att, og eg vera meir sutlaus.

29  Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra!

30  For det var for Kristi gjerning skuld han kom dauden nær, då han våga livet so han kunde bøta på saknaden av dykk i tenesta mot meg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23