«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Filipperne 3

1  Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.

2  Gjev akt på hundane, gjev akt på dei vonde arbeidarane, gjev akt på dei sundskorne!

3  For me er dei umskorne, me som tener Gud i hans Ande og rosar oss i Kristus Jesus og ikkje lit på kjøt,

4  endå eg hev det som eg kunde lita på ogso i kjøt. Um ein annan tykkjer at han kann lita på kjøt, so kann eg det endå meir,

5  eg som er umskoren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lovi ein farisear,

6  ihuga ein forfylgjar av kyrkjelyden, i rettferd etter lovi ulastande.

7  Men det som var meg ei vinning, det hev eg for Kristi skuld halde for tap.

8  Ja, eg held og i sanning alt for tap, av di kunnskapen um Kristus Jesus, min Herre, er so mykje meir verd; for hans skuld hev eg tapt det alt saman, og eg held det for skarn, so eg kann vinna Kristus

9  og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den som ein fær ved trui på Kristus, rettferdi av Gud på grunn av trui,

10  so eg må kjenna han og krafti av hans uppstoda og samlaget i hans lidingar, med di eg vert lik med han i hans daude,

11  um eg då kann nå fram til uppstoda frå dei daude.

12  Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen; men eg jagar etter det, um eg kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus.

13  Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det.

14  Men eitt gjer eg: eg gløymer det som er attanfor, og tøygjer meg etter det som er framanfor, og jagar mot målet, til den sigersprisen som Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus.

15  So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette;

16  berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret!

17  Vert mine etterfylgjarar, de og, brør, og sjå på dei som ferdast soleis som de hev oss til fyredøme!

18  For det ferdast mange, som eg tidt hev sagt dykk og no endå med tåror segjer er fiendar av Kristi kross,

19  dei som endar med fortaping, som hev buken til sin gud, og som set si æra i si skjemd, dei som trår etter dei jordiske ting.

20  For vårt rike er i himmelen, og derifrå ventar me og Herren Jesus Kristus som frelsar,

21  han som skal umskapa vår nedrings-lekam, so han vert lik hans herlegdoms-lekam, etter hans kraft til å leggja alle ting under seg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23