«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Filipperne 1

1  Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar - til alle dei heilage i Kristus Jesus som er i Filippi, med tilsynsmenn og tenarar for kyrkjelyden:

2  Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader og Herren Jesus Kristus!

3  Eg takkar min Gud so tidt eg kjem dykk i hug,

4  med di eg alltid når eg bed, gjer mi bøn for dykk alle med gleda,

5  på grunn av dykkar samfund med meg i arbeidet for evangeliet frå fyrste dagen og alt til no.

6  Og eg er fullvis um dette at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne alt til Jesu Kristi dag.

7  Det er no og rett at av meg å tenkja so um dykk alle, både i mine lekkjor og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, sidan de alle hev lut med meg i nåden.

8  For Gud er mitt vitne kor eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.

9  Og dette bed eg um at dykkar kjærleik endå må verta alt rikare og rikare på kunnskap og skynsemd,

10  for at de må kunna døma um dei ymse ting, so de kann vera reine og ikkje til meinstøyt til Kristi dag,

11  fyllte med rettferds frukt, som vert verka ved Jesus Kristus, Gud til æra og lov.

12  Eg vil at de skal vita, brør, at min lagnad heller hev vore til framgang for evangeliet,

13  so det hev vorte kunnigt for er heile livvakti og for alle dei andre at det er for Kristi skuld eg er i lekkjor,

14  og dei fleste av brørne i Herren hev fenge tiltru til mine lekkjor og dermed fenge endå meir mod til å tala ordet utan otte.

15  Sume forkynner vel og Kristus av ovund og kivslyst, men sume og av godvilje;

16  desse forkynner Kristus av kjærleik, med di dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet,

17  men hine gjer det av stridssykja, ikkje med rein hug, for dei tenkjer å leggja trengsla attåt lekkjone mine.

18  Kva so? Kristus vert då forkynt på kvar måten, anten det no vert gjort for syn skuld eller i sanning, og det gleder eg meg yver. Ja, eg skal og heretter få gleda meg;

19  for eg veit at dette skal verta til frelsa for meg ved dykkar bøn, og hjelpi av Jesu Kristi Ande,

20  etter di det er mi lengting og von at eg ikkje i nokon ting skal verta til skammar, men at Kristus, som alltid, so og no, med alt frimod skal verta herleggjord ved min lekam, anten det vert ved liv eller ved daude.

21  For det å leva er for meg Kristus, og det å døy er ei vinning.

22  Men dersom det å leva i kjøtet gjev meg frukt av mi gjerning, so veit eg ikkje kva eg skal velja,

23  men eg stend rådvill millom dei tvo ting, med di eg hev hug til å fara herifrå og vera med Kristus, for det er so ovleg mykje betre;

24  men å verta verande i kjøtet er naudsynlegare for dykkar skuld.

25  Og av di eg er viss på det, so veit eg at eg skal leva og vera hjå dykk alle til dykkar framgang og gleda i trui,

26  so dykkar ros kann verta rik i Kristus Jesus ved meg, når eg kjem til dykk att.

27  Berre far dykkar livsferd so som verdigt er for Kristi evangelium, so eg, anten eg kjem og vitjar dykk eller er fråverande, kann høyra um dykk at de stend faste i EIN Ande, so de med EI sjel strider med meg for trui på evangeliet

28  og ikkje i nokon ting let dykk skræma av dei som stend i mot; det er for dei ei varsling um undergang, men for dykk um frelsa, og det frå Gud.

29  For dykk vart det unnt, for Kristi skuld - ikkje berre å tru på han, men og å lida for hans skuld,

30  med di de hev den same strid som de såg eg hadde, og no høyrer at eg hev.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23