«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 11

1  Send brødet ditt burt yver vatnet; for med tidi finn du det att.

2  Skift ut til sju, ja til åtte; for du veit ikkje kva ulukka som kann henda på jordi.

3  Når skyene vert fulle av regn, tømer dei det ut på jordi, og dett eit tre, mot sud eller mot nord, so vert det liggjande der som det datt.

4  Den som stødt aktar på vinden, kjem ikkje til å så, og den som stødt ser på skyene, kjem ikkje til å hausta.

5  Likso lite som du veit kva veg vinden fer, eller korleis beini vert til i livet åt barnkona, likso lite veit du kva Gud vil gjera, han som gjer det alt i hop.

6  Så ditt sæde um morgonen, og lat ikkje handi di kvila i kveldingi; for du veit ikkje kva som vil lukkast, det eine eller det andre, eller um båe måtar er gode.

7  Ljuvleg er ljoset, og det er godt for augo å få sjå soli.

8  For um ein mann lever mange år, so skal han gleda seg i dei alle og koma i hug dei myrke dagar; for dei vert mange. Alt som koma skal, er fåfengd.

9  Gled deg, du ungdom, medan du er ung, ver godt i laget i ungdomsåri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar auga! Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.

10  Få gremmelse ut or hugen din, haldt alt vondt burte frå lekamen! For ungdom og morgonrode er fåfengd.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23