«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 12

1  Tenk på din skapar i ungdomsdagane, fyrr dei vonde dagane kjem, og det lid til dei åri då du lyt segja: Eg likar dei ikkje,

2  fyrr soli og ljoset og månen og stjernone myrkjest, og skyene kjem att etter regnet -

3  den tid då hus-vaktarane skjelv, og dei sterke mennene krøkjest, og dei som mel på kverni, sluttar med arbeidet, av di dei hev vorte for få, og dei som ser ut gjenom gluggane, dimmest*,

4  og båe gatedørene vert stengde, medan kvernduren spaknar og ikkje stig høgre enn til sporvekvitring, og alle songmøyane vert lågmælte,

5  då ein og er redd for kvar bakke, og skremslor lurer på vegen, og mandeltreet blømer, og grashoppen karar seg fram, og kapersbæret dovnar; for menneskja fer til sitt æve-hus, og gråtarane gjeng alt og ventar på gata -

6  fyrr sylvsnori slitnar og gullskåli gjeng sund, og krukka brotnar attmed kjelda, og hjulet vert knasa og dett ned i brunnen,

7  og moldi fer i jordi att og vert som fyrr ho var, og åndi gjeng attende til Gud, som gav henne.

8  Berre ideleg fåfengd, segjer preikaren; alt er fåfengd.

9  Elles er å segja at preikaren var ein vismann, og at han og lærde folket kunnskap og grunda og granska; han laga mange ordtøke.

10  Preikaren freista å finna fagre ord, og uppskrive er her slikt som rett er, sanningsord.

11  Ord av vismenner er som broddar, og fyndord i samling sit fast som naglar; dei er gåva frå ein og same hyrdingen*.

12  Og elles, son min, lat deg vara åt! Det er ingen ende på all bokskrivingi, og mykje gransking armar ut kroppen.

13  Endelykti er dette, når du hev høyrt alt: Ottast Gud og haldt hans bod! For det bør alle menneske gjera.

14  For kvar gjerning vil Gud føra fram for domen yver alt det som løynt er, anten det so er godt eller vondt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“The grace of our Lord Jesus Christ be with you.” — 1 Corinthians 16:23