«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Predikantens bok 10

1  Eiterflugor set illtev og æsing i salven åt salvelagaren; jamvel ein liten grand dårskap skjemmer ut ein mann som stend høgt i visdom og æra.

2  Vismanns hug vender til høgre, men dårehugen til vinstre*.

3  Og kvar helst dåren gjeng, tryt vitet hans, og han segjer frå til alle at han er ein dåre.

4  Um hovdings vreide reiser seg mot deg, so gakk ikkje frå din post! For spaklynde hindrar store synder.

5  Det er ein vond ting som eg hev set under soli - eit mistak som kjem frå makthavaren:

6  Dårskapen sit i høge sessar, og storfolk lyt sitja lågt.

7  Eg hev set trælar på hesteryggen og hovdingar ganga på sin fot som trælar.

8  Den som grev ei grav, kann stupa nedi, og den som riv eit gjerde, kann ormen stinga.

9  Den som bryt stein, kann få mein av det; den som høgg ved, kann koma ut i fåre.

10  Når øksi er ukvass, og han ikkje hev slipt eggi, so lyt han bruka dess meir makt; men visdomen hev den fyremunen at han gjer alt på rette måten.

11  Når ormen sting fyrr ein fær mana, hev manaren inkje gagn av kunsti si.

12  Ord av vismanns munn er ljuvlege, men lippone på dåren tyner honom sjølv.

13  Dei fyrste ordi i hans munn er dårskap, og røda endar i fårleg vitløysa.

14  Dåren talar mange ord, endå ingen mann veit kva som skal henda, og kven kann segja han kva som skal henda etter hans tid?

15  Dåren trøytnar av strevet sitt, han som ikkje ein gong veit vegen til byen.

16  Usælt er du land som hev eit barn til konge, og fyrstar som held etarlag um morgonen.

17  Sælt er du land som hev ein adelboren konge, og fyrstar som held sine mål i sømeleg tid, på kara vis og ikkje med fyll!

18  Når latskapen råder, sig bjelkane ned, og let ein hendene hanga, dryp det inn i huset.

19  Til gaman held dei* gjestebod, og vinen legg gleda yver livet; alt i hop fær dei for pengar.

20  Ikkje ein gong i tankane må du banna kongen, og ikkje ein gong i ditt sengrom må du banna den rike; for fuglane i lufti ber ljoden burt, og dei fløygde fortel kva du hev sagt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23