«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos ordspråk 31

1  Ord av kong Lemuel, den lærdomen som mor hans prenta inn i han:

2  Kva skal eg segja til deg, son min, du mitt livs son, du min lovnads-son?

3  Gjev ikkje kvinnor di kraft, og gakk ikkje vegar som fører til tyning for kongar!

4  Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel, det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin, og ikkje for hovdingar å drikka rusdrykk.

5  For drikk dei, gløymer dei kva som er lov, og rengjer retten for kvar armodsmann.

6  Lat han få rusdrykk som mest gjeng til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjeli!

7  Lat han få drikka, so han gløymer all si armod og ikkje lenger kjem i hug si møda!

8  Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang!

9  Lat upp din munn og døm rettferdigt, hjelp armingen og fatigmannen til hans rett!

10  Ei dugande kona - kven finn vel ei slik? Mykje meir er ho verd enn perlor.

11  Hjarta åt mannen lit på henne, og vinning skortar det ikkje på.

12  Ho gjer han godt og inkje vondt alle sine levedagar.

13  Ho syter for ull og lin, og hendene strevar med hugnad.

14  Ho er liksom kjøpmanns-skip; langt burtantil fær ho si føda.

15  Uppe er ho i otta og gjev sin huslyd mat og ternone arbeid for dagen.

16  Ho stilar på ein åker og fær han; ho plantar ein vingard for det som ho tener med hendene.

17  Kraft spenner ho um seg til belte og gjer sine armar sterke.

18  Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt; hennar lampa sloknar ikkje um natti.

19  Ho legg hendene sine på rokken, og fingrane tek til teinen.

20  Ho opnar handi for armingen, retter hendene ut til fatigmannen.

21  Ho ottast ikkje snøen for huset sitt; for heile hennar hus er klædt i skarlaks-ty.

22  Ho gjer seg teppe; ho hev klæde av finaste lin og purpur.

23  Hennar mann er kjend i portane, der han sit i lag med dei fremste i landet.

24  Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kræmaren.

25  Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt den komande tid.

26  Ho let upp munnen med visdom, og mild rettleiding hev ho på tunga.

27  Ho ser etter korleis det gjeng i huset, og et ikkje brød i letingskap.

28  Hennar søner stig fram og prisar ho sæl, og mannen stig fram og rosar henne:

29  Mange dugande kvinnor finst det, men du gjeng yver dei alle.

30  Venleik er fals og fagerleik fåfengd; ei kvinna som ottast Herren, skal prisast.

31  Lat henne njota frukti av sitt arbeid, og hennar verk skal prisa ho i portane.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23