«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Matteus' evangelium 1

1  Soga um Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son.

2  Abraham fekk sonen Isak, og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob fekk Juda og brørne hans,

3  og Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar, og Peres fekk sonen Hesron, og Hesron fekk sonen Ram,

4  og Ram fekk sonen Aminadab, og Aminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salmon,

5  og Salmon fekk sonen Boas med Rahab, og Boas fekk sonen Obed med Rut, og Obed fekk sonen Isai,

6  og Isai var far åt David, kongen. David fekk sonen Salomo med kona åt Uria,

7  og Salomo fekk sonen Rehabeam, og Rehabeam fekk sonen Abia, og Abia fekk sonen Asa,

8  og Asa fekk sonen Josafat, og Josafat fekk sonen Joram, og Joram fekk sonen Ussias,

9  og Ussias fekk sonen Jotam, og Jotam fekk sonen Akas, og Akas fekk sonen Esekias,

10  og Esekias fekk sonen Manasse, og Manasse fekk sonen Amon, og Amon fekk sonen Josias,

11  og Josias fekk Jekonja og brørne hans; dei levde i den tidi då folket vart ført til Babylon.

12  Etter dei vart førde til Babylon, fekk Jekonja sonen Sealtiel, og Sealtiel fekk sonen Serubabel,

13  og Serubabel fekk sonen Abiud, og Abiud fekk sonen Eljakim, og Eljakim fekk sonen Asor,

14  og Asor fekk sonen Sadok, og Sadok fekk sonen Akim, og Akim fekk sonen Eliud,

15  og Eliud fekk sonen Eleasar, og Eleasar fekk sonen Mattan, og Mattan fekk sonen Jakob,

16  og Jakob var far åt Josef, mannen hennar Maria som fødde Jesus til verdi, han me kallar Kristus.

17  Soleis er det i alt fjortan ættleder frå Abraham til David, og fjortan ættleder frå David til Babylon-ferdi, og fjortan ættleder frå Babylon-ferdi til Kristus.

18  Då Kristus vart fødd, gjekk det soleis til: Medan mor hans, Maria, var trulova med Josef; og fyrr dei kom i hop, synte det seg at ho var med barn av den Heilage Ande.

19  Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og vilde ikkje føra skam yver henne; han sette seg fyre å skiljast med henne so stilt han kunde.

20  Medan han no grunda på dette, då synte ein engel frå Herren seg for han i draume og sa: Josef, Davids son, ver ikkje redd å taka Maria, festarmøyi di, heim til deg; for det som er avla i henne, er av den Heilage Ande.

21  Ho skal eiga ein son, og han skal du kalla Jesus; for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.

22  Men alt dette hende av di det laut sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer:

23  Sjå, møyi skal verta med barn og få ein son, og han skal kallast Immanuel - det er det same som: Gud er med oss.

24  Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt til han, og flutte bruri si heim.

25  Men han kom ikkje nær henne fyrr ho hadde fenge sonen sin; honom kalla han Jesus.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23