Lukas' evangelium 21
1 Då han såg upp, vart han var at dei rike la gåvone sine i templekista;
2 og han vart var ei armodsleg enkja, som la tvo skjervar.
3 Då sa han: Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle.
4 For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde å livberga seg med.
5 Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sa han:
6 Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein som ikkje skal rivast laus.
7 Når skal då dette ganga fyre seg, meister? spurde dei, og kva er teiknet på at den tidi er nær?
8 Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: Det er eg! og: Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter dei!
9 Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks.
10 So sa han til dei: Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike;
11 store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen.
12 Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.
13 Det skal venda seg til godt vitnemål for dykk.
14 Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk!
15 Eg skal gjeva dykk munn og visdom som ingen av motmennene dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.
16 Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden,
17 og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.
18 Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast.
19 Haldt ut, so skal de vinna sjelene dykkar!
20 Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr byen vert lagd i øyde.
21 Då lyt dei som er i Juda-land, røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn.
22 For dette er hemnardagane; då skal det ganga fram alt det som stend skrive.
23 Stakkars dei som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagane! For det skal vera stor naud på jordi, og vreide yver dette folket.
24 Dei skal falla for sverds-eggi og førast hertekne burt til alle heidning-folk, og Jerusalem skal heidningane trøda under fot, til tidi åt heidningane er ute.
25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa når havet og brotsjøane dyn.
26 Folk skal uvita av redsla og gru for det som kjem yver jordriket; for himmelkraftene skal skakast.
27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom.
28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.
29 So sa han dei ei likning: Sjå på fiketreet og alle andre tre!
30 So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær.
31 Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær.
32 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt.
33 Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.
34 Men vara dykk at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk som ei snara!
35 For han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi.
36 Vak kvar tid og stund, og bed, so de kann få styrke til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskesonen!
37 Um dagane lærde han i templet; men um nætene gjekk han ut or byen og heldt til på den åsen dei kallar Oljeberget.
38 Og alt folket kom tidleg um morgonen til han i templet og lydde på han.