«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Lukas' evangelium 19

1  So kom han til Jeriko og for fram igjenom byen.

2  Der var det ein mann som heitte Sakkeus; han var ein høg tollmann og rik.

3  Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.

4  So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit morbærtre, so han kunde få sjå han; for der laut han koma framum.

5  Då Jesus kom dit, såg han upp og sa til han: Sakkeus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.

6  Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.

7  Alle som såg det, murra og sa seg imillom: Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der!

8  Men Sakkeus steig fram og sa til Herren: Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdobbelt.

9  Og Jesus sa um han: I dag hev det timst dette huset å få frelsa, etter di han og er Abrahams son;

10  for Menneskesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.

11  Medan dei lydde på det, heldt han ved og fortalde ei likning, av di han var so nær Jerusalem, og dei tenkte at Guds rike skulde koma til synes med det same.

12  Han sa: Det var ein gong ein høgætta mann som for langt burt til eit anna land og vilde få seg kongedøme og so venda heim att.

13  Han kalla til seg ti av tenarane sine, og gav dei ti pund og sa: Driv no handel med dette medan eg er burte!

14  Men landsmennene hans hata han, og skikka sendemenn av stad etter han, som skulde segja: Me vil ikkje at den mannen skal vera kongen vår!

15  Då han no kom att og hadde fenge kongedømet, sa han at dei tenarane han hadde gjeve pengane til skulde ropast inn til han, so han kunde få vita kor mykje dei hadde tent.

16  Då gjekk den fyrste fram og sa: Herre, pundet ditt hev kasta av seg ti pund.

17  Det var rett, du gode tenar! svara Herren; for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.

18  So kom den andre og sa: Pundet ditt, herre, hev gjeve fem pund.

19  Til han sa herren: Du skal råda yver fem byar.

20  So kom ein annan og sa: Herre, sjå her er pundet ditt! Eg hev havt det liggjande i eit knyte;

21  for eg var redd deg, av di du er ein streng mann: du tek inn det du ikkje la ut, og haustar det du ikkje sådde.

22  Då sa herren: Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek inn det eg ikkje la ut, og haustar det eg ikkje sådde?

23  Kvi sette du då ikkje pengane mine i banken? so hadde eg fenge dei att med rentor når eg kom heim.

24  Tak pundet frå han! sa han til dei som stod innmed, og gjev det til han som hev ti pund!

25  - Herre, han hev då ti pund! sa dei. -

26  Eg segjer dykk at kvar den som hev, skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.

27  Men desse uvenene mine som ikkje vilde at eg skulde vera kongen deira, dei skal de føra hit og hogga dei ned for augo mine!

28  Då han hadde sagt det, gjekk han fyre på ferdi upp til Jerusalem.

29  Som han no kom burtimot Betfage og Betania, til det berget dei kallar Oljeberget, sende han tvo av læresveinane i veg og sa:

30  Gakk burt i den grendi som ligg midt imot oss! Når de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det aldri hev sete menneske på; den skal de løysa og leida hit.

31  Og dersom nokon spør dykk kvi de løyser han, skal de svara so: Herren treng um han.

32  Dei som var sende, gjekk, og fann det so som han hadde sagt med dei.

33  Då dei so løyste folen, sa dei som åtte han: Kvi løyser de folen?

34  Herren treng um han, svara dei.

35  So leidde dei folen fram til Jesus, og kasta kjolane sine på han og let Jesus setja seg uppå;

36  og medan han for frametter, breidde dei klædi sine under på vegen.

37  Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinane, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad:

38  Velsigna vere kongen som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen, og æra i det høgste!

39  Nokre farisearar som var med i folkehopen, sa til han: Meister, tala til læresveinane dine!

40  Då svara han: Eg segjer dykk: Dersom desse tegjer, so skal steinane ropa.

41  Då han kom næmare og såg byen, gret han yver han og sa:

42  Hadde du berre visst, um ikkje fyrr enn i dag, kva som tener til di velferd! Men no er det dult for augo dine.

43  For det skal koma ei tid for deg då fiendane kastar upp ein voll um deg og kringset deg og trengjer deg frå alle kantar,

44  og støyter deg ned i grunnen, og borni dine med deg, og ikkje let det liggja att stein på stein i deg, for di du ikkje skyna di gjestings tid.

45  Då han kom inn i templet, tok han til å driva ut dei som handla der,

46  og sa til dei: Det stend skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de hev gjort det til eit røvarbol.

47  Sidan lærde han dagstødt i templet. Øvsteprestane og dei skriftlærde var huga til å få rudt han or vegen, og det same var dei fyrste mennene i folket,

48  men dei kunde ikkje finna ut korleis dei skulde bera seg åt med det; for heile folket hekk ved han og lydde på han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23