Tredje Mosebok 24
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Seg til Israels-borni at dei skal koma med skir olje av sundstøytte oljebær til ljosestaken, so lampone kann setjast upp til kvar tid.
3 Utanfor teppet som heng attfor vitnemålet* i møtetjeldet, skal Aron stella lampone so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon, stødt og stendigt; det skal vera ei æveleg lov for dykk, frå ætt til ætt.
4 På den bjarte gullstaken skal han skipa lampone for Herrens åsyn seint og tidleg.
5 So skal du taka fint mjøl og baka tolv kakebrød; i kvart brød skal det vera tvo tiandepartar av ein efa.
6 Og dei skal du leggja i tvo rader, seks i kvar rad, på gullbordet for Herrens åsyn.
7 Og på kvar rad skal du leggja rein røykjelse; det skal vera eit minningsoffer for brødi, eit eldoffer åt Herren.
8 Kvar sabbatsdag skal han leggja brødi fram for Herrens åsyn, stødt og stendigt; det skal vera ei gåva frå Israels-borni - ei æveleg pakt.
9 Og Aron og sønene hans skal få dei og eta dei på ein heilag stad; for dei er høgheilage og er hans lut av Herrens eldoffer - ein æveleg rett.
10 Ein som var son til ei israelitisk kvinna, men hadde ein egyptar til far, gjekk ein gong ut millom Israels-borni, og han og ein av Israels-mennene kom i tretta med kvarandre i lægret.
11 Og son til den israelitiske kvinna - ho heitte Selomit Dibrisdotter, og var av Dans-ætti - tok til å spotta Herrens namn og banna det.
12 Då førde dei han burt til Moses og sette han fast til dei kunde få saki avgjord med eit ord frå Herren.
13 Og Herren tala til Moses og sa:
14 Før spottaren ut or lægret, og alle dei som høyrde på det, skal leggja hendene på hovudet hans, og heile lyden skal steina han.
15 Og til Israels-borni skal du segja: Den som bannar sin Gud, lyt lida for syndi si,
16 og den som spottar Herrens namn, han skal lata livet; heile lyden skal steina han i hel; anten han er framand eller fødd og boren i landet, so skal han steinast, so sant han hev spotta Herrens namn.
17 Slær nokon ein mann i hel, so skal han lata livet.
18 Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva like for det, liv for liv.
19 Valdar nokon at næsten hans fær skade på lekamen, so skal dei gjera det same med han som han sjølv hev gjort:
20 brot for brot, auga for auga, tonn for tonn; det same meinet som han hev gjort ein annan, skal han sjølv få.
21 Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva lika for det; men den som slær i hel eit menneske, skal lata livet.
22 Det er same retten for dykk alle, for den framande likso vel som for den som er fødd og boren i landet; for eg Herren dykkar Gud.
23 Og Moses kunngjorde dette for Israels-borni, og dei førde spottaren ut or lægret og steina han i hel: Israels-borni gjorde som Herren hadde sagt til Moses.