«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Tredje Mosebok 22

1  Og Herren tala til Moses og sa:

2  Seg til Aron og sønene hans at dei lyt sjå seg vel fyre med dei heilage gåvone som Israels-borni helgar åt meg, so dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn; eg er Herren.

3  So skal du segja til dei: Dersom nokon av ætti dykkar, no eller i framtidi, røyver dei heilage gåvone som Israels-borni helgar åt Herren, medan det er noko ureint på han, so skal han rydjast burt or augnesyni mi; eg er Herren.

4  Ingen av etterkomarane hans Aron som er spillsjuk eller hev flod, må eta av dei heilage gåvone fyrr han er rein att. Kjem ein av dei nær nokon som hev vorte urein av eit lik, eller gjeng det såd frå han,

5  eller kjem han innåt noko krek som folk vert ureine av, eller noko menneske som på ein eller annan måte hev vorte ureint,

6  hev nokon av dei røyvt noko sovore, so skal han vera urein alt til kvelds og må ikkje eta av dei heilage gåvone fyrr han hev lauga lekamen sin i vatn.

7  Når soli hev gladt, er han rein att, og sidan kann han eta av dei heilage gåvone; for det er maten hans.

8  Det som er sjølvdaudt eller ihelrive, må han ikkje eta, for då vert han urein; eg er Herren.

9  Dei skal halda dei bodi eg hev gjeve dei, so dei ikkje ber synd for slike ting og lyt døy for di dei vanhelgar det som er heilagt; eg er Herren, som helgar dei.

10  Ingen framand* må eta av det som heilagt er. Ingen som er busete eller leigekar hjå ein prest, må smaka det som er heilagt.

11  Men når ein prest kjøper seg ein tenar for pengar, so kann han eta av det, og like eins den tenaren som er fødd i huset hjå presten; dei kann eta av maten hans.

12  Når ei prestedotter vert gift med ein framand mann, so må ho ikkje eta av dei heilage offergåvone.

13  Men hev ho vorte enkja eller er skild frå mannen og ikkje hev born, og ho so kjem attende til far sin og bur i huset heime hjå han liksom i ungdomen, so kann ho eta av maten åt far sin; men ingen framand må eta av den maten.

14  Når nokon et uviljande av dei heilage gåvone, so skal han gjeva presten lika for det og leggja attåt femteparten av verdet.

15  Prestane må ikkje vanhelga dei heilage gåvone som Israels-borni ofrar til Herren,

16  og lata dei føra syndeskuld yver seg med å eta av dei heilage rettene deira; for eg er Herren, som helgar dei.

17  Og Herren tala til Moses og sa:

18  Tala til Aron og sønene hans og til alle Israels-borni og seg til dei: Når nokon av Israels-ætti eller av dei framande i Israel kjem med ei offergåva, anten det er ei som er utlova, eller ei friviljug gåva som dei vil bera fram til brennoffer åt Herren,

19  då lyt offeret vera so at de kann tekkjast Herren med det: ein lytelaus ukse eller ver eller bukk.

20  Noko som det er lyte på, må de ikkje bera fram; for det tekkjest de ikkje Herren med.

21  Og når nokon vil bera fram eit takkoffer åt Herren av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil løysa, eller det er ei friviljug gåva, so lyt det vera eit lytelaust dyr dersom offeret skal tekkjast Herren; det må ikkje finnast noko lyte på det.

22  Dyr som er blinde eller beinbrotne eller skamførde, eller som hev verksår eller skabb eller anna utbrot, dei må de ikkje ofra til Herren og ikkje leggja eldoffer av dei på altaret hans.

23  Ein ukse eller sau som hev for lange eller for stutte lemer, kann du hava til friviljugt offer; men vil du hava dei til lovoffer, so tekkjest det ikkje Herren.

24  Gjelde dyr, anten dei er klakka eller kruste eller rivne eller skorne, skal de ikkje bera fram for Herren. Ikkje skal de gjera slikt* i dykkar eige land,

25  og ikkje skal de taka imot sovorne dyr av utlendingar og bera dei fram til matoffer åt dykkar Gud; for dei er utskjemde, det er lytedyr; med slike offer vinn de ikkje Guds hugnad.

26  Og Herren tala til Moses og sa:

27  Når ein kalv eller eit lamb eller eit kje kjem til, skal dei fylgja mor si sju dagar; men frå den åttande dagen og sidan vil Herren tekkjast med dei i fall de ber dei fram til eldoffer åt han.

28  Kui og kalven hennar eller søya og lambet hennar skal de ikkje slakta på ein dag.

29  Når de ber fram eit lov- og takkoffer, skal de gjera det so at Herren kann hava hugnad i dykk.

30  De skal eta det upp same dagen og ikkje leiva noko av det til morgons; eg er Herren.

31  So haldt då bodi mine og lev etter dei! Eg er Herren.

32  Vanhelga ikkje mitt heilage namn; for eg vil verta helga hjå Israels-borni. Eg er Herren, som helgar dykk,

33  og som førde dykk ut or Egyptar-landet og vil vera dykkar Gud; eg er Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23