«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Jesaja 9

1  For det skal ikkje alltid vera myrker i det landet som no er i våde. I den tidi som gjekk, let han* vanære koma yver Sebulons- og Naftali-landet, men i framtidi skal han lata det koma til æra - vegen attmed havet, landet på hi sida til Jordan, heidningkrinsen**.

2  Det folket som ferdast i myrkret, skal sjå eit stort ljos; yver dei som bur i daudeskugge-landet, skal ljoset stråla.

3  Du aukar folket som du fyrr ikkje gav stor gleda; dei gled seg for di åsyn, som ein gled seg i kornskurden, som ein frygdar seg når herfang vert utskift.

4  For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midians-dagen.

5  Ja, kvar ein støvel som stauka i stridsgny, og kvar blodsulka klædnad skal brennast og verta mat åt elden.

6  For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter under, rådgjevar, veldig Gud, æveleg fader, fredsfyrste.

7  So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal stydjast og haldast uppe med rett og rettferd, frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers Gud, skal gjera dette.

8  Eit ord hev Herren sendt mot Jakob, og det skal slå ned i Israel.

9  Og heile folket skal merka det, Efra'im og Samaria-buane, som i storlæte og hjartans ovmod segjer:

10  Tiglmurar hev ramla ned, men me skal byggja upp att med hoggen stein; morbærtre er felte, men me skal setja sedertre i staden.

11  Difor gjev Herren Resins uvener makt yver dei* og væpnar fiendane deira,

12  syrarane framantil og filistarane attantil og dei et upp Israel med gløypande gap. Med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.

13  Men folket vende ikkje um til han som slær det, og Herren, allhers Gud, søkjer dei ikkje.

14  Difor høgg Herren både hovud og hale av Israel, palmegrein og sev, alt på ein dag.

15  Styresmann og storkar er hovudet, og ein profet som lærer lygn, er halen.

16  Og dei som fører dette folket, fører vilt, og dei av folket som let seg leida, gjeng til grunns.

17  Difor gleder Herren seg ikkje yver ungdomane deira og hev ikkje medynk med dei farlause og enkjone; for alle saman so er dei gudlause og gjer vondt, og kvar munn talar dårskap. Men med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.

18  For gudløysa brenn som eld; ho øyder torn og tistel og kveikjer i tjukkaste skogen, so han gjeng upp i høge kvervlar av røyk.

19  Ved harmen til Herren, allhers Gud, stend landet i loge, og folket vert til føda for elden; den eine sparer ikkje den andre.

20  Dei høgg til høgre og hungrar endå, dei glefser til vinstre og vert ikkje mette; kvar og ein et holdet av sin eigen arm.

21  Manasse et Efra'im og Efra'im Manasse; og båe tvo til saman er imot Juda. Men med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23