«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 35

1  Og Gud sa til Jakob: Gjer deg reidug, far upp til Betel og gjev deg til der, og bygg eit altar åt Gud, han som synte seg for deg då du rømde for Esau, bror din.

2  Då sa Jakob til husfolket sitt og til alle dei som var med han: Få burt dei framande gudane som er hjå dykk, og reinsa dykk og byt klæde!

3  Og lat oss so taka ut og fara upp til Betel! Der vil eg byggja eit altar åt Gud, han som høyrde bøni mi den dagen eg var i fåre, og som var med meg på ferdi mi.

4  Då let dei Jakob få alle dei framande gudane som dei hadde hjå seg, og ringane som dei hadde i øyro; og Jakob grov det ned under den terebinta som stend innmed Sikem.

5  So tok dei ut, og ein otte frå Gud kom yver byane rundt ikring dei, so sette ikkje etter Jakobs-sønene.

6  Og Jakob kom til Luz som ligg i Kana'ans-land - no heiter Betel - både han og alt folket som var med han.

7  Der bygde han eit altar og kalla den staden El-Betel*; for der hadde Gud synt seg for han den gongen han rømde for bror sin.

8  Då døydde Debora, fostermor hennar Rebekka, og ho vart jorda nedanfor Betel, attunder ei eik; den kalla han Gråtareika.

9  Gud synte seg endå ein gong for Jakob, den tid han komen frå heim Mesopotamia, og velsigna han.

10  Og Gud sa til han: Du heiter Jakob; heretter skal du ikkje heita Jakob; Israel skal du heita! Sidan kalla dei han Israel.

11  Og Gud sa til han: Eg er Gud den allmektige. Du skal veksa og aukast! Eit folk, ei mengd med folkeslag skal ættast frå deg, og undan deg skal kongar alast.

12  Og det landet som eg gav Abraham og Isak, det vil eg gjeva deg; ætti di etter deg vil eg gjeva det landet.

13  So for Gud upp ifrå han på den staden han var då han tala med han.

14  Då reiste Jakob upp ein stein på den staden han var då han tala med han, og auste drykkoffer på han og slo olje utyver han.

15  Og Jakob kalla den staden han var då Gud tala med han, Betel.

16  So tok dei ut att frå Betel, og då dei endå hadde att eit stykke veg til Efrat, fekk Rakel barnilt, og ho vart strengt sjuk.

17  Og medan ho låg i hardaste ridene, sa jordmori til henne: Syt ikkje no! Her hev du ein son att.

18  Og i det same ho sålast - for ho laut døy - kalla ho han Benoni*; men far hans kalla han Benjamin**.

19  Då Rakel var slokna, vart ho jorda frammed vegen til Efrat, som no heiter Betlehem.

20  Og Jakob reiste upp ein minnestein på gravi hennar. Det er gravsteinen hennar Rakel; Han stend der den dag i dag.

21  So tok Israel ut att og sette upp tjeldbui si burtanfor Migdal-Eder*

22  Medan Israel budde der i landet, hende det at Ruben gjekk av og låg med Bilha, fylgjekona åt far hans. Og Israel fekk vita det. - Sønene hans Jakob var tolv i talet

23  Sønene hennar Lea var Ruben, eldste son hans Jakob, og Simeon og Levi og Juda og Issakar og Sebulon.

24  Og sønene hennar Rakel var Josef og Benjamin.

25  Og sønene åt Bilha, terna hennar Rakel, var Dan og Naftali.

26  Og sønene åt Silpa, terna hennar Lea, var Gad og Aser. Dette var sønene hans Jakob, som han fekk i Mesopotamia.

27  Og Jakob kom til Isak, far sin, i Mamre, tett innmed Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, der som Abraham og Isak hadde halde til.

28  Og dagane hans Isak vart hundrad og åtti år.

29  Då sålast Isak og døydde og kom saman med federne sine, gamal og mett av dagar. Og Esau og Jakob, sønene hans, fylgde han til gravi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23