Første Mosebok 29
1 So tok Jakob i vegen att og gjekk til han kom til Austmanna-landet.
2 Og då han skoda ikring seg, fekk han sjå ein brunn på marki og tri saueflokkar som låg der innmed; for av den brunnen vatna dei buskapen. Men steinen som låg yver brunnen var stor.
3 Og når alle flokkane var samla der, velte dei steinen av brunnen og vatna feet, og so la dei steinen på staden sin att, yver brunnen.
4 Og Jakob spurde dei: Kvar er de frå, brørne mine? Då svara dei: Me er frå Karan.
5 So spurde Jakob: Kjenner de Laban, son åt Nakor? Dei svara: Ja, me kjenner han
6 Jakob spurde: Lever han vel? Dei svara: Ja, det gjer han, og sjå der kjem Rakel, dotter hans, med sauene.
7 Då sa han: Sjå soli stend endå høgt; det er ikkje tidi å sanka buskapen endå. Lat sauene få drikka og gakk av og gjæt att!
8 Dei sa: Nei, det kann me ikkje fyrr alle buflokkane hev kome i hop, og steinen vert velta av brunnen; då vatnar me feet.
9 Medan han stod og tala med dei, kom Rakel med buskapen åt far sin; for det var ho som gjætte.
10 Og då Jakob såg Rakel, dotter åt Laban, morbror sin, og buskapen hans, so gjekk han innåt og velte steinen av brunnen og vatna feet åt Laban, morbror sin.
11 Og Jakob kysste Rakel og gråten tok han.
12 Og Jakob sa det med Rakel at han var skyld med far hennar, og at han var son åt Rebekka. Då sprang ho heim og sa det til far sin.
13 Med same Laban fekk høyra um Jakob, systerson sin, sprang han imot han, og slo armane kring han og kysste han og bad han med seg heim. So fortalde han Laban alt det som hadde hendt.
14 Og Laban sa til han: Ja menn er me same folket! So var han hjå han ein månads tid.
15 Då sa Laban til Jakob: Skulde du tena hjå meg for inkje, for di um du er systerson min? Seg ifrå kva du vil hava i løn!
16 No hadde Laban tvo døtter; den eldste heitte Lea, og den yngste heitte Rakel.
17 Og Lea daudøygd, men Rakel var både velvaksi og ven.
18 Og Jakob hadde huglagt Rakel; difor sa han: Eg skal tena hjå deg i sju år for Rakel, den yngste dotteri di.
19 Laban svara: Det er betre eg gjev deg henne, enn at eg gjev henne til ein annan mann. Ver du hjå meg!
20 So tente Jakob i sju år for Rakel, og dei åri tykte han var som nokre få dagar, av di han heldt so av henne.
21 Sidan sa Jakob til Laban: Lat meg få kona mi! For tidi mi er ute, og eg vil taka henne heim til meg.
22 Då bad Laban i hop alt folket der i grendi og gjorde eit gjestebod.
23 Og um kvelden tok han Lea, dotter si, og leidde henne inn til han, og han sov med hjå henne.
24 Laban let henne få Silpa, tenestgjenta si; ho skulde tena hjå Lea, dotter hans, no.
25 Men um morgonen - sjå, då var det Lea! Då sa han til Laban: Kva er det du hev gjort mot meg? Var det ikkje for Rakel eg tente hjå deg? Kvi hev du svike meg?
26 Laban svara: Me hev ikkje det for vis her i landet å gifta burt den som yngre er fyre den som er eldre.
27 Ver no hjå denne til brudlaupsvika er ute, so skal me gjeva deg den andre og, er so at du vil tena hjå meg i sju år til.
28 Og Jakob gjorde so og var hjå henne til brudlaupsdagane var ende. Då gav Laban han Rakel, dotter si, til kona.
29 Og han let Rakel, dotter si, få Bilha, tenestgjenta si; no skulde ho tena hjå henne.
30 Og Jakob tok Rakel og heim til seg, og han heldt meir av Rakel enn av Lea. Sidan tente han endå sju år til hjå Laban.
31 Då Herren såg at Lea vart vanvyrd, let han henne få born; men Rakel fekk ingi.
32 Og Lea vart med barn og åtte ein son og kalla han Ruben*; for ho sa: Herren hev set kor vondt eg hev det; no kjem mannen min til å halda av meg.
33 Og ho vart med barn ein gong til og åtte ein son og sa: Herren hev høyrt at eg var vanvyrd; difor hev han gjeve meg denne og. So kalla ho han Simeon*.
34 Og ho vart med barn endå ein gong og åtte ein son og sa: No lyt fulla mannen min halda seg til meg, sidan han hev fenge tri søner med meg. Difor kalla dei han Levi*.
35 Og ho vart med barn fjorde gongen og åtte ein son og sa: No vil eg lova Herren. Difor kalla ho han Juda*. So fekk ho ikkje fleire born då.