«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 27

1  Då Isak var gamal vorten og tok til å dimmast på syni, so han ikkje kunde skilja, då kalla han til seg Esau, eldste son sin, og sa til han kalla han: Du son min! Og Esau svara: Ja, her er eg.

2  Då sa han: No er eg gamal vorten og veit ikkje kva dag eg skal døy.

3  Tak no du veidegognene dine, pilehuset og bogen, og gakk ut i marki og veid meg noko vilt,

4  og laga ein god rett åt meg, soleis som du veit eg likar det, og kom so inn til meg med det; då vil eg eta so sjeli mi kann få velsigna deg innan eg døyr.

5  Og Rebekka lydde på at Isak tala med Esau, son sin. So gjekk Esau ut i marki og vilde veida noko vilt og hava med seg heim.

6  Då sa Rebekka til Jakob, son sin: Høyr her! sa ho, eg lydde på at far din tala til Esau, bror din, og sa:

7  Kom heim med noko vilt og lag ein god rett åt meg, so eg fær eta; då vil eg velsigna deg for Herrens åsyn innan eg døyr.

8  Lyd no du meg, son min, og gjer som eg segjer deg fyre:

9  Gakk burt i buflokken og tak tvo gode kje-ungar, so skal eg laga ein god rett åt far din, soleis som eg veit han likar det,

10  og du skal ganga inn til far din med det, so han fær eta og kann velsigna deg fyrr han døyr!

11  Då sa Jakob til mor si: Du veit Esau, bror min, er loden, og eg er snaud.

12  Kann henda far min trivlar på meg. Då trur han eg vil hava han til narr, og eg færer ei forbanning yver meg og ingi velsigning.

13  Mor hans sa: Den forbanningi skal eg taka på meg, son min. Berre lyd du meg og gakk og henta meg kje-i!

14  Då gjekk han og henta dei og kom til mor si med dei, og mor hans laga ein god rett, soleis som ho visste far hans vilde lika det.

15  So tok Rebekka dei beste klædi åt Esau, eldste son sin - dei låg inni huset hjå henne - og hadde dei på Jakob, yngste son sin.

16  Og skinni av kje-ungane hadde ho på hendene og på halsen hans, der han var snaud.

17  So let ho Jakob, son sin, få den gode retten og brødet som ho hadde stelt til,

18  og han gjekk inn til far sin med det og sa: Far! Og han svara: Ja, her er eg. Kven er du, guten min?

19  Då sa Jakob til far sin: Eg er Esau, eldste son din. Eg hev gjort som du bad meg. Ris no upp og set deg og et av det eg hev veidt, so sjeli di kann velsigna meg!

20  Isak sa til son sin: Korleis kunde du finna noko so snøgt, son min? Og han svara: Herren din Gud sende det imot meg.

21  Då sa Isak til Jakob: Kom då hit, guten min, og lat meg få kjenna på deg um du er Esau, son min, eller ikkje!

22  So gjekk Jakob innåt Isak, far sin, og han trivla på han og sa: Det er målet hans Jakob, men hendene hans Esau.

23  Og han kjende han ikkje; for hendene hans var lodne som hendene åt Esau, bror hans. Og han velsigna han.

24  Er du Esau, son min? sa han. Og han svara: Ja, det er eg.

25  Set no fram åt meg, sa Isak, og lat meg få eta av det som sonen min hev veidt, so sjeli mi kann velsigna deg! Då sette han fram åt han, og han åt, og han kom med vin til han, og han drakk.

26  So sa Isak, far hans: Kom no hit og kyss meg, son min!

27  Då gjekk han burt til han og kysste han, og han kjende angen av klædi hans og velsigna han og sa: Sjå, angen av son min er lik angen av ei eng som Herren hev velsigna!

28  So gjeve Gud deg dogg frå himmelen og feite enger og nøgdi av korn og av druvesaft!

29  Folk skal tena deg, og folkeslag skal falla deg til fota. Ver herre yver brørne dine! Borni åt mor di bøygjer seg for deg! Forbanna vere dei som forbannar deg! Velsigna vere dei som velsignar deg!

30  Med same Isak hadde velsigna Jakob - det var ikkje meir enn so vidt at Jakob var komen ut att frå Isak, far sin - då kom Esau, bror hans, heim att or veideskogen.

31  Han og laga ein god rett og bar inn til far sin. So sa han til far sin: Vil ikkje risa upp og eta av det som son hans hev veidt, so sjeli di kann velsigna meg!

32  Og Isak, far hans, spurde han: Kven er du? Og han svara: Eg er Esau, eldste son din.

33  Då vart Isak so forfærd at han skalv, og han sa: Kven var det då som veide vilt og kom til meg med? Eg åt av alt saman, fyrr du kom, og velsigna han; og no lyt han vera velsigna.

34  Då Esau høyrde dei ordi av far sin, sette han i eit skrik so høgt og sårt at det var ilt å høyra. So sa han til far sin: Velsigna meg, velsigna meg og, far!

35  Men han svara: Bror din kom med list og tok velsigningi di.

36  Heiter han då ikkje med rette Jakob? sa Esau. Meg hev han no svike tvo gonger. Fyrst tok han odelen min, og sjå no hev han teke velsigningi mi. So sa han: Hev du ikkje att ei velsigning til meg og?

37  Og Isak svara Esau og sa: Sjå, no hev eg sett han til herre yver deg, og alle brørne hans hev eg gjort til tenarar, og eg hev gjeve han nøgdi av korn og druvesaft! Kva kann eg so gjera for deg, son min?

38  Og Esau sa til far sin: Hev du då berre denne eine velsigningi, far? Velsigna meg, velsigna meg og, far! Og Esau gret høgt.

39  Då tok Isak, far hans, til ords att og sa til han: Sjå, langt burte frå dei feite engene skal din bustad vera og utan himmeldoggi ovantil.

40  Av sverdet ditt skal du leva, og bror din lyt du tena; men når du ein gong riv deg laus, rister du oket hans av halsen din.

41  Men Esau hata Jakob for den velsigningi som far hans hadde lyst yver han, og Esau sa med seg sjølv: Snart kjem den tidi då me lyt syrgja yver far min; då skal eg drepa Jakob, bror min.

42  Og Rebekka fekk vita kva Esau, eldste son hennar, hadde sagt. Då sende ho bod etter Jakob, yngste son sin, og sa til han: Høyr her! Esau, bror din, vil hemna seg på deg og drepa deg.

43  Lyd no meg, son min! Gjer deg reidug og røm til Karan, til Laban, bror min,

44  Og ver hjå han eit bel, til harmen hev gjenge av bror din,

45  til vreiden hans hev vendt seg frå deg, og han hev gløymt det du hev gjorde imot han! Då skal eg senda bod og henta deg heim att. Kvi skulde eg missa dykk båe tvo på ein dag?

46  So sa Rebekka til Isak: Eg er so leid av livet for desse Hets-døtterne skuld! Skulde no Jakob og taka seg ei kona av Hets-døtterne, slik ei som desse, ei her ifrå landet, kva hadde eg då leva for?

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23