«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Efeserne 6

1  De born, lyd dykkar foreldre i Herren, for det er rett.

2  Æra far din og mor di - dette er det fyrste bodet med lovnad -

3  so det må ganga deg vel, og du fær leva lenge i landet.

4  Og de feder, arga ikkje borni dykkar, men fostra dei upp i Herrens tukt og påminning!

5  De tenarar, ver lydige mot dykkar herrar etter kjøtet, med age og otte, i dykkar hjartans einfelde, som mot Kristus,

6  ikkje med augnetenesta, som slike som vil tekkjast menneske, men som Kristi tenarar, so de gjer Guds vilje av hjarta

7  og godviljugt tener som for Herren og ikkje som for menneske;

8  for de veit at kva godt kvar gjer, det skal han få att av Herren, anten han so er tenar eller fri mann.

9  Og de herrar, gjer det same mot dei, so de let vera å truga; for de veit at både deira og dykkar Herre er i himmelen, og han gjer ikkje skil på folk.

10  Elles, vert sterke i Herren og i hans veldes kraft!

11  Klæd dykk i Guds fulle herbunad, so de kann standa dykk imot djevelens sløge åtak!

12  For me hev ikkje strid mot blod og kjøt, men mot herrevelde, mot makter, mot heimsens herrar som råder i myrkret i denne tid, mot vondskaps åndeher i himmelrømdi.

13  Tak difor Guds fulle herbunad på, so de kann standa imot på den vonde dag og verta standande når de hev vunne yver alt.

14  So statt då umgyrde um dykkar lend med sanning, og klædde i rettferds-brynja,

15  og umbundne på føtene med den tilbunad til strid som evangeliet um freden gjev.

16  Og tak attåt alt dette tru-skjolden, so de med den kann sløkkja alle gloande piler frå den vonde,

17  og tak frelse-hjelmen og Andens sverd, som er Guds ord,

18  medan de alltid bed i Anden med all bøn og påkalling og er årvakne i det med all trott og bøn for alle dei heilage,

19  og for meg med, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar min munn, so eg med fritt mod kann kunngjera løyndomen i evangeliet,

20  den som eg er sendebod for i lekkjor, at eg må tala med frimod um han, soleis som eg bør tala.

21  Men so de og kann få vita um mitt tilstand, korleis det gjeng meg, skal Tykikus fortelja dykk alt, han den kjære bror og true tenar i Herren,

22  som eg just difor sender til dykk at de skal få vita korleis det er med oss, og at han kann trøysta hjarto dykkar.

23  Fred vere med brørne, og kjærleik med tru, frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus!

24  Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus med uforgjengeleg kjærleik!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23