«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Peters første brev 4

1  Sidan no Kristus hev lide i kjøtet, so væpna de dykk med den same tanken, at den som hev lidi i kjøtet, er ferdig med syndi,

2  so de ikkje lenger skal leva etter menneskelyster, men etter Guds vilje, den tid de endå skal vera i kjøtet.

3  For det er nok at de i den framfarne livstid hev gjort det som heidningane vil, med di de ferdast i used, lyster, fullskap, svir, drykk og skamleg avgudsdyrking;

4  difor undrast dei når de ikkje regnar med dei ut i den same straum av skamløysa, og spottar dykk.

5  Men dei skal gjera rekneskap for han som held seg ferdig til å døma levande og daude.

6  For difor vart evangeliet forkynt ogso for daude at dei vel skulde verta dømde som menneske i kjøtet, men leva so som Gud i åndi.

7  Men enden på alle ting er komen nær. Ver difor vislege og edrue so de kann beda!

8  Og hav framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre! for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

9  Ver gjestmilde mot kvarandre utan knurring.

10  Etter som kvar hev fenge ei nådegåva, so ten kvarandre med henne som gode hushaldarar yver Guds mangfaldige nåde:

11  um nokon talar, han tale som Guds ord; um nokon tener i kyrkjelyden, han tene som av den kraft Gud gjev, so Gud må verta æra i alle ting ved Jesus Kristus, han som æra og makti høyrer til i all æva. Amen.

12  De kjære, undra dykk ikkje yver den elden som kjem yver dykk til prøving, som um det hende dykk noko underleg!

13  men i same mun som de hev lut i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, so de og kann gleda dykk med fagnad når hans herlegdom vert openberra.

14  Dersom de vert hædde for Kristi namn skuld, er de sæle; for Herlegdoms-Anden og Guds Ande kviler yver dykk.

15  For ingen av dykk må lida av di han er mordar eller tjuv eller illgjerningsmann, eller av di han er legg seg upp i slikt som ikkje kjem han ved.

16  Men lid han av di han er ein kristen, so skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.

17  For det er no den tid då domen skal taka til med Guds hus; men tek det til med oss, kva vert då enden for dei som ikkje vil tru Guds evangelium?

18  Og dersom den rettferdige vandt vert frelst, kvar skal det då verta av den ugudlege og syndaren?

19  Difor skal og dei som etter Guds vilje lyt lida, gjeva yver sjelene sine til den trufaste skaparen, med di dei gjer det gode.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23