Peters første brev 3
1 Like eins de konor: De skal vera dykkar eigne menn undergjevne, so endå slike som ikkje trur ordet, må verta vunne utan ord ved den ferd konone deira syner,
2 når dei ser for augo dykkar reine ferd i otte.
3 Deira prydnad skal ikkje vera den som er utanpå, med hårflettingar eller påhengt gull eller kledebunad,
4 men hjartans løynde menneske i den uforgjengelege prydnad med den mjuke og stille ånd, som er gjæv for Gud.
5 For soleis prydde og fordom dei heilage kvinnone seg, dei som sette si von til Gud, og dei var sine eigne menn undergjevne,
6 liksom Sara lydde Abraham og kalla han herre; hennar born hev de vorte når de gjer det gode og ikkje ottast for nokor skræmsla.
7 Like eins de menn: De skal leva vitugt saman med konone dykkar som det veikare kjerald, og visa dei æra, sidan dei og er medervingar til livsens nåde, so bønene dykkar ikkje skal verta hindra.
8 Og til slutt: Ver alle samhugna, medlidande, kjærlege mot brørne, miskunnsame, audmjuke!
9 Løn ikkje vondt med vondt eller skjelling med skjelling, men tvert imot velsigna! for det vart de kalla til, at de skal erva velsigning.
10 For den som vil elska livet og sjå gode dagar, han skal halda tunga frå det som vondt er, og lippone frå svikefull tale;
11 han vende seg frå vondt og gjere godt, han søkje fred og trå etter han!
12 For Herrens augo er yver dei rettferdige, og hans øyro vende til deira bøn; men Herrens åsyn er yver dei som gjer vondt.
13 Og kven er det som kann gjera dykk vondt når de legg vinn på det som er godt?
14 Men um de og skulde lida for rettferds skuld, so er de sæle. Men ottast ikkje for dei og reddast ikkje; men helga Kristus som Herre i hjarto dykkar,
15 og ver alltid ferdige til å forsvara dykk for kvar ein som krev rekneskap av dykk for den voni som bur i dykk, men med spaklynde og age
16 og med eit godt samvit, so dei som lastar dykkar gode ferd i Kristus, må verta til skammar i det som dei baktalar dykk for som illgjerdsmenn.
17 For det er betre, um so er Guds vilje, å lida når ein gjer godt, enn når ein gjer vondt.
18 For Kristus leid og EIN gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, so han kunde føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart levandegjort i åndi;
19 i åndi gjekk han og burt og preika for åndene som var i varetekt,
20 dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, medan arki vart bygd, der nokre få - åtte sjeler - vart frelste gjenom vatn,
21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda,
22 han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og makter og krafter er han underlagde.