«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Kongebok 4

1  Kong Salomo var konge yver heile Israel.

2  No skal me nemna dei fremste mennene hans: Asarja Sadoksson var prest*;

3  Elihoref og Akia, søner åt Sisa, var riksskrivarar; Josafat Akiludsson var sogeskrivar;

4  Benaja Jojadason var hovding yver heren; Sadok og Abjatar var prestar;

5  Asarja Natansson, var formann for futane*; Sabud Natansson var prest** og ven åt kongen;

6  Akisar var slottshovding; Adoniram Abdason hadde tilsyn med dei som gjorde trælearbeid*.

7  Salomo hadde sett tolv futar yver heile Israel. Dei sytte for mat og drikke åt kongen og huset hans; kvar sin månad i året laut dei syta for det.

8  Her er namni deira: Son åt Hur, i Efra'ims-heidi;

9  son åt Deker i Makas og Sa'albim og Bet-Semes og Elon-Bet-Hanan;

10  son åt Hesed i Arubbot; han hadde Soko og heile Heferbygdi;

11  son åt Abinadab hadde heile Dor-høglendet; Tafat, dotter åt Salomo, var kona hans;

12  Ba'ana Akiludsson, hadde Ta'anak, Megiddo og heile Bet-Sean, som ligg jamsides med Sartan, nedanfor Jisre'el, frå Bet-Sean til Abel-Mehola og burtum Jokmeam;

13  son åt Geber i Ramot i Gilead; han hadde byane åt Ja'ir, son åt Manasse, i Gilead, og Argob-bygdi i Basan, seksti store byar med murar og koparslåer;

14  Akinadab Iddoson hadde Mahana'im;

15  Akima'as i Naftali-fylket; han hadde og fenge ei dotter åt Salomo til kona, ho heitte Basmat;

16  Ba'ana Husaisson, i Asers-fylket og i Alot;

17  Josafat Paruahsson, i Issakars-fylket;

18  Sime'i Elason i Benjamins-fylket;

19  Geber Urison i Gilead-landet - det landet som Sihon, kongen yver amoritane, og Og, kongen i Basan, hadde havt - han var einaste futen i dei bygdene.

20  Juda og Israel var mange - so mange som sand i strand; dei åt og drakk og var glade.

21  Salomo rådde yver alle kongeriki frå elvi* til Filistar-landet og alt åt bytet med Egyptar-land; dei kom med gåvor og lydde Salomo so lenge han levde.

22  Til kosthaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor vanleg mjøl,

23  ti gjødde uksar, tjuge drifteuksar, og hundrad sauer, umfram hjortar og rådyr og dådyr og gjødde fuglar.

24  For han rådde yver alt land vestanfor elvi, frå Tifsah til Gasa, yver alle kongane vestanfor elvi, og hadde fred på alle kantar rundt ikring;

25  og kvar mann i Juda og Israel, frå Dan til Be'erseba, sat trygt under vintreet og fiketreet so lenge Salomo levde.

26  Salomo hadde fyrti tusund stallrom for vognhestane sine og tolv tusund hestfolk.

27  Dei futane me hev nemnt, sytte kvar sin månad for mat og drikke åt kong Salomo og alle som gjekk til hans bord; dei let det ikkje skorta på nokon ting.

28  Og bygget og halmen til vognhestane og tråvarane førde dei dit det skulde vera, kvar etter som han var fyresagd.

29  Gud gav Salomo visdom og ovstor kunnskap og eit vit som femnde vidt, liksom sanden på havsens strand.

30  Salomos visdom var større enn visdomen åt alle austmennene og større enn all visdomen åt egyptarane.

31  Han var visare enn alle menneske - visare enn Etan av Esrah-ætti og Heman og Kalkol og Darda, Maholssønene og han var namnspurd hjå alle folkeslagi rundt ikring.

32  Han laga tri tusund ordtøke, og kvedi hans var eit tusund og fem i talet.

33  Han tala um trei, frå sederen på Libanon til isopen som sprett utor muren, og han tala um dyri og fuglane og kreket og fiskane.

34  Frå alle land kom det folk og vilde høyra visdomen åt Salomo, frå alle kongar på jordi som hadde høyrt gjete um visdomen hans.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23