Profeten Sakarja 7
1 I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Sakarias, på den fjorde dagen i niande månaden, i månaden kislev.
2 For Betel hadde sendt Sareser og Regem-Melek og mennene hans av stad til å blidka Herren
3 og spyrja prestane i huset åt Herren, allhers Gud, og profetane: Skal me gråta og fasta i den femte månaden, som me hev gjort no i mange, mange år?
4 Då kom ordet frå Herren, allhers Gud, til meg, og det lydde so:
5 Seg til alt folket i landet og til prestane: Når de no i sytti år* hev halde faste- og gråtedagar i femte** og sjuande*** månaden, er det då for mi skuld de hev fasta?
6 Og når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?
7 Minnest de ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetane, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i byane rundt ikring, og i sudlandet og låglandet like eins?
8 Og Herrens ord kom til Sakarias, og det lydde so:
9 Soleis tala Herren, allhers Gud: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame, mot kvarandre!
10 Enkjor og farlause, framandfolk og armingar må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!
11 Men dei vilde ikkje høyra, men sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra,
12 ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers Gud, sende ved sin Ande gjenom dei fyrre profetane. Difor kom det ein stor vreide frå Herren, allhers Gud.
13 Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sa no Herren, allhers Gud: Eg vil ikkje høyra når dei ropar,
14 men eg skal føykja dei burt millom alle heidning-folki, som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter dei, so ingen fer att og fram der. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei audn.