Profeten Sakarja 6
1 Då eg atter lyfte augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar.
2 For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,
3 for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute, sterke hestar.
4 Då tok eg til ords og sa til engelen som tala med meg: Kva skal dette tyda, Herre?
5 Engelen svara: Det er dei fire himmelvindane. Dei hev vore kalla inn for herren yver all jordi og fer no av stad att.
6 Vogni med dei svarte hestane for ut mot Norder-landet, dei kvite fylgde etter dei, og dei flekkute for ut mot Sud-landet.
7 Men då dei sterkaste* skulde fara ut, var dei fysne etter å få fara ikring på jordi**, og han sa: Gakk, far ikring på jordi! Og dei for ikring på jordi.
8 So ropa han høgt på meg og sa til meg: Sjå, dei som fer ut imot Norder-landet, dei svalar min harm på Norder-landet.
9 Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
10 Tak imot gåvone frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja - gakk sjølv på denne dagen inn i huset åt Josias Sefaniasson - for dit er dei komne frå Babel -
11 og tak imot sylv og gull av dei og få gjort krunor og set dei på hovudet åt Josva Jehosadaksson, øvstepresten!
12 Og seg til han: So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, det skal koma ein mann som heiter Renning*. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.
13 Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom* og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest der han sit på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom dei båe.
14 Men krunone skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefaniasson.
15 Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja på Herrens tempel, og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer på røysti åt Herren dykkar Gud.