«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Sakarja 5

1  Sidan lyfte eg atter augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,

2  og han sa til meg: Kva ser du? Eg svara: Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.

3  Då sa han til meg: Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med det som stend skrive på den eine sida, skal kvar den som stel, verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med det som stend på den andre sida, skal kvar den som sver, verta reinska burt her ifrå.

4  Eg hev sendt henne* ut, segjer Herren, allhers Gud, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øyda det, både tre og stein.

5  Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sa til meg: Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der!

6  Eg spurde: Kva er det? Han svara: Det er ein efa som kjem fram. Og han sa: Soleis skal det sjå ut med dei* i heile landet.

7  Då vart eit blylok lyft upp, og det tedde seg ei kvinna som sat i efaen.

8  Då sa han: Dette er gudløysa. Og so tok han og slengde henne ned i efaen og slo blyloket yver opningi.

9  Då eg sidan lyfte augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengene deira - for dei hadde venger som storkevenger - og dei tok og lyfte efaen upp, so han sveiv millom himmel og jord.

10  Då spurde eg engelen som tala med meg: Kvar skal dei av med efaen?

11  Han svara: Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne der, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23