«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Sakarja 4

1  Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom når ein mann vert vekt or svevnen,

2  og han sa til meg: Kva ser du? Eg svara: Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer for kvar lampa som er på han,

3  og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.

4  Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: Kva skal desse ting tyda, herre?

5  Engelen som tala med meg, svara: Skynar du ikkje kva dette tyder? Eg svara: Nei, herre!

6  Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord til Serubabel: Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, segjer Herren, allhers Gud.

7  Kven er du, du store fjell som ris framfor Serubabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen* medan dei ropar: Nåde, nåde vere med han!

8  Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

9  Serubabels hender hev tufta dette huset, og hans hender skal fullenda det; og du skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til dykk.

10  For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små? Med gleda ser dei sju augo* blyloddet i Serubabels hand, desse Herrens augo som fer ikring heile jordi.

11  Då tok eg til ords og sa til han: Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?

12  Og eg tok til ords andre gongen og spurde han: Kva skal dei tyda dei tvo oljegreinene tett attved dei tvo gullrøyrene som det renn gull* ned ifrå?

13  Då sa han til meg: Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda? Eg svara: Nei, herre!

14  Då sa han: Det er dei tvo som er salva med olje* og stend hjå herren yver all jordi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23