Profeten Sakarja 3
1 So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga han.
2 Men Herren sa til Satan: Herren refse deg, Satan! Herren refse deg, han som hev valt ut Jerusalem! Er ikkje denne mannen her ein brand som er berga ut or elden?
3 Men Josva var klædd i skitne klæde der han stod framfor engelen.
4 Då tok engelen til ords og sa til dei som stod framfor han: Tak av han dei skitne klædi! Og til han sjølv sa han: Sjå, eg tek burt syndeskuldi di og klæder deg i høgtidsbunad!
5 Då sa eg: Set ei rein huva på hovudet hans! Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på han andre klæde medan Herrens engel stod der.
6 Då vitna Herrens engel for Josva og sa:
7 So segjer Herren, allhers Gud: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine bod, so skal du og få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg førarar millom desse som her stend*.
8 Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og venene dine, som sit her framfyre deg, de er varselsmenner*. For sjå, eg vil lata min tenar Renning** koma;
9 for sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo*! Sjå, eg ritar på han innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers Gud, og eg tek burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag.
10 På den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal de beda kvarandre til gjestebod under vintreet og fiketreet.