«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Sakarja 2

1  So lyfte eg augo mine og fekk sjå fire horn.

2  Då spurde eg engelen som tala med meg: Kva er dette? Og han sa til meg: Dette er dei horni som hev spreidt Juda, Israel og Jerusalem.

3  So let Herren meg sjå fire smedar,

4  og eg spurde: Kva skal desse gjera? Han svara: Horni hev spreidt Juda, so at ingen torde lyfta hovudet; no er desse komne og skal skræma dei og slå av horni på dei heidning-folki som lyfte horn mot Juda-landet til å spreida det.

5  Og eg lyfte augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi.

6  Då spurde eg: Kvar skal du av? Han svara: Eg skal av og mæla Jerusalem og sjå kor breidt og kor langt det skal vera.

7  Då kom han fram den engelen som tala med meg, og ein annan engel kom imot han.

8  Og han sa til han: Spring og seg til den unge mannen der: Fritt og ope skal Jerusalem liggja; slik ei mengd med folk og fe skal finnast der.

9  Men eg skal sjølv vera ein eldmur rundt ikring, segjer Herren, og eg skal syna meg herleg der inne.

10  Høyr! Høyr! Skunda dykk burt frå Norder-landet, segjer Herren; for eg hev spreidt dykk for alle heimsens fire vindar, segjer Herren.

11  Høyr! Sion, berga deg undan, du som bur hjå Babels dotter!

12  For so segjer Herren, allhers Gud: For si æra skuld hev Herren sendt meg til heidning-folki som plundra dykk; for den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans;

13  for sjå, eg lyfter handi mi mot dei, og dei skal verta til herfang for dei som no er trælane deira; og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg.

14  Ropa høgt av frygd og gleda, du Sions dotter! For sjå, eg kjem og vil bu hjå deg, segjer Herren.

15  Og mange heidning-folk skal gjeva seg til Herren på den dagen og verta mitt folk; ja, eg vil bu hjå deg, og du skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til deg.

16  Og til sin eigedom og arvlut skal Herren taka Juda i det heilage landet og endå ein gong velja ut Jerusalem.

17  Ver stilt, alt kjøt, for Herren! For han hev rise upp og gjenge ut or sin heilage bustad.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23