Profeten Sakarja 14
1 Sjå, det kjem ein Herrens dag, då det herfanget dei hev teke frå deg, skal skiftast ut inne i deg;
2 for eg vil samla alle heidning-folki til strid imot Jerusalem, og byen skal verta herteken, husi skal verta herja, og kvinnone skal verta valdtekne. Og halve byen skal førast burt i utlægd; men leivningen av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 For Herren skal fara ut og strida mot desse heidning-folki, som han stridde fyrr på slagdagen.
4 På den dagen skal han standa med føtene på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord, og andre helvti mot sud.
5 Og de skal røma til dalen millom fjelli mine; for dalen millom fjelli skal nå radt til Asel*; ja, de skal røma som de rømde for jordskjelven i dei dagane då Ussias var konge i Juda. Då skal han koma, Herren min Gud, og alle heilage med deg, min Gud.
6 På den dagen skal det ikkje vera noko ljos; dei herlege himmelljosi skal myrkna.
7 Og det skal koma ein makelaus dag - Herren kjenner han - ein dag då det korkje er dag eller natt; men når det lid til kvelds, då skal det verta ljost.
8 På den dagen skal det strøyma levande vatn ut frå Jerusalem, den eine helvti av det til Austerhavet og den andre helvti til Vesterhavet; både sumar og vinter skal det renna.
9 Då skal Herren verta konge yver heile landet; på den dagen skal Herren vera EIN, og namnet hans eitt.
10 Heile landet skal verta som Moane*, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv** skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, alt frå Benjamins-porten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananel-tårnet og til vinpersone åt kongen.
11 Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir; Jerusalem skal liggja der trygt.
12 Men denne refsingi skal Herren senda yver alle dei folki som drog i herferd mot Jerusalem: Kjøtet deira skal han lata rotna medan dei stend på sine føter, augo deira skal rotna i holone sine, og tunga skal rotna i munnen på dei.
13 På den dagen skal ei stor redsla frå Herren koma yver dei, so dei grip fat i kvarandre og lyfter hand mot kvarandre.
14 Juda og skal strida i Jerusalem, og då skal han samlast, rikdomen frå alle heidning-folki rundt ikring, gull og sylv og klæde i stor mengd.
15 Den same refsingi* skal og koma yver hestane og muldyri og kamelane og asni og alle dei andre dyr som finst der i lægri.
16 Og alle dei som vert att av alle heidning-folki som gjorde åtak på Jerusalem, dei skal år etter år fara dit upp og tilbeda Kongen, Herren, allhers Gud, og høgtida lauvhyttehelgi.
17 Men um noko av folki på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og tilbed Kongen, Herren, allhers Gud, so skal det ikkje koma regn hjå dei;
18 dersom egyptarfolket ikkje gjeng upp og ikkje møter fram, so skal det ikkje koma regn hjå dei heller; den same refsingi skal koma yver dei som Herren let koma yver dei heidning-folki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
19 Dette er syndestraffi for Egyptar-land og for alle heidning-folki som ikkje fer upp og høgtidar lauvhyttehelgi.
20 På den dagen skal det standa på bjøllene åt hestane: Helga til Herren, og grytone i Herrens hus skal vera som offerskålene framfor altaret,
21 og kvar einaste gryta i Jerusalem og Juda skal vera helga til Herren, allhers Gud, so alle dei som ofrar, kann koma og taka av dei og koka i dei; og det skal ikkje meir finnast nokon kana'anit* i huset åt Herren, allhers Gud, på den dagen.