«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Sakarja 12

1  Denne framsegni er Herrens ord um Israel. So segjer Herren, som spana ut himmelen og grunnfeste jordi og skapte ånd i mannebarmen:

2  Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål* for alle folki rundt ikring; jamvel yver Juda skal det koma når Jerusalem vert kringsett.

3  På den dagen skal eg gjera Jerusalem til ein lyftestein for alle folki; alle som lyfter på han, skal riva seg sund. Ja, alle heidning-folk på jordi skal flokka seg imot det.

4  På den dagen, segjer Herren, skal eg slå alle hestane med villska og hestfolki med vitløysa; men yver Judas hus skal eg vaka, og alle hestane åt folki slær eg med blindskap.

5  Då skal ættehovdingane i Juda segja med seg sjølve: Vår styrke er dei som bur i Jerusalem, ved Herren, allhers Gud, deira Gud.

6  På den dagen skal eg lata ættehovdingane i Juda verta liksom ei glodpanna i ein vedhaug og ein brennande kyndel midt i ein halmdunge, og dei skal brenna upp alle folki rundt ikring, både til høgre og til vinstre; men Jerusalems-folket skal framleides bu trygt på sin stad, i Jerusalem.

7  Og fyrst skal Herren frelsa tjeldi åt Juda, so ikkje Davids hus og Jerusalems-buane skal få større heider enn Juda.

8  På den dagen skal Herren verna Jerusalems-buane, og den veikaste stakkaren millom dei skal på den dagen vera som David, og Davids hus som Gud, som Herrens engel framfyre dei*.

9  Og på den dagen skal eg trå etter å tyna alle heidning-folki som fer imot Jerusalem.

10  Men yver Davids hus og yver Jerusalems-buane skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge; og dei skal syrgja på han som ein syrgjer på den einborne sonen, og øya og gråta som ein øyar yver fyrstefødde sonen.

11  På den dagen skal sorgi verta stor i Jerusalem, liksom sorgi yver ulukka i Hadadrimmon i Megiddondalen*.

12  Og landet skal syrgja, kvar ættgrein for seg: ættgreini frå Davids hus for seg og deira kvinnor for seg, ættgreini frå Natans hus* for seg og deira kvinnor for seg,

13  ættgreini frå Levis hus for seg og deira kvinnor for seg, Sime'is ættgrein for seg og deira kvinnor for seg;

14  like eins alle dei andre ættgreinene for seg og kvinnone deira for seg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23