Profeten Sakarja 11
1 Lat upp portane dine, Libanon, so elden kann øyda sedertrei dine!
2 Jamra deg, du cypress, for sederen er fallen, dei herlege trei avøydde! Jamra dykk, de Basan-eiker, for tjukkaste skogen er felt!
3 Høyr kor hyrdingane jamrar for di deira herlegdom* er lagd i øyde! Høyr kor dei unge løvone burar for di Jordans prydnad** er herja!
4 So sa Herren min Gud: Røkta slaktesauene!
5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, segjer: Lova vere Herren! eg vert då rik! Og hyrdingane deira sparer dei ikkje.
6 For no vil eg ikkje meir spara folket i landet, segjer Herren; men eg vil lata menneski falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen sin, og dei skal øyda landet, og eg vil ikkje berga nokon or deira vald.
7 So tok eg til å røkta slaktesauene, jamvel dei ringaste av sauene; og eg tok meg tvo stavar, den eine kalla eg "hugnad", og den andre kalla eg "band"*. Eg gjætte då sauene,
8 og eg gjorde dei tri hyrdingane til inkjes på ein månad. Eg vart leid av dei, og dei lika ikkje meg heller,
9 og so sa eg: Eg vil ikkje lenger vera hyrdingen dykkar. Lat dei døy som vil døy, og lat det øydast som vil øydast, og dei som vert att, fær eta kvarandre upp!
10 So tok eg staven min "hugnad" og braut han sund til å løysa upp pakti som eg hadde gjort med alle folki.
11 Og ho vart gjord til inkjes same dagen; og då fekk dei sanna dei arme sauene som ansa på meg, at det var Herrens ord.
12 Sidan sa eg til dei: Um de so synest, so gjev meg løni mi, og synest de ikkje det er verdt, so lat det vera! Då vog dei upp tretti sylvpeningar til løn åt meg.
13 Då sa Herren til meg: Sleng han burt til krusmakaren, den herlege prisen som dei hev verdsett meg til! Og eg tok dei tretti sylvpeningane og kasta dei inn i Herrens hus, burt til krusmakaren.
14 So braut eg sund den andre staven min, "band", til å løysa upp brorskapen millom Juda og Israel.
15 Og Herren sa til meg: Tak deg no atter ein stav - staven åt ein skarvehyrding!
16 For sjå, eg let ein hyrding standa fram i landet, ein som ikkje bryr seg um dei sauene som er ved og skal forkomast, ikkje leitar etter dei burtkomne, ikkje heilar dei brotne og ikkje syter for dei friske; men kjøtet av dei feite et han, og klauvene deira bryt han sund.
17 Usæl skarvehyrdingen, som svik sauene! Sverd yver armen hans og yver høgre auga hans! Armen hans skal visna burt og høgre auga hans verta blindt.