Paulus' brev til Titus 3
1 Minn dei um å vera styremakter og yverråder undergjevne, vera lydige, reiduge til all god gjerning,
2 ikkje spotta nokon, ikkje vera stridsame, men godlyndte, visa alt spaklynde mot alle menneske.
3 For me var ein gong uvituge, ulydige, villfarande, trælar under mangeslag lyster og fysnor, me levde i vondskap og ovund, me vart hata og bar hat til kvarandre.
4 Men då Guds, vår frelsars godleik og mannemilda vart openberra,
5 frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande,
6 som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar,
7 so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, etter voni skulde verta ervingar til det ævelege liv.
8 Dette er eit truverdig ord, og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnleg for menneski;
9 men dårlege stridsspursmål og ættetavlor og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå; for dei er gagnlause og fåfengde.
10 Eit ranglærande menneske skal du visa frå deg, når du hev påmint han ein gong og tvo gonger,
11 for du veit at han er rangsnudd og syndar, dømd av seg sjølv.
12 Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver.
13 Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko.
14 Våre folk og lyt læra å gjera gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause.
15 Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa dei som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!