«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Titus 2

1  Men du skal tala slikt som høver til den heilsame læra:

2  at gamle menn skal vera edrue, vyrdelege, vislege, heile i trui, i kjærleiken i tolmodet;

3  like eins at gamle kvinnor i si åtferd skal te seg som det sømer dei heilage, ikkje fara med baktale, ikkje vera trelar under drykk, men vegleidarar i det gode,

4  so dei kann læra dei unge kvinnone å elska mennene sine og borni sine,

5  å vera viselege, reine, huslege, gode, lydige mot sine eigne menn, so Guds ord ikkje skal verta spotta.

6  Dei unge mennene skal du like eins påminna um å vera vislege,

7  og te deg sjølv i alle måtar som eit fyredøme i gode gjerningar, og vis i di læra reinleik, vyrnad,

8  heilsam, ulastande tale, so motstandaren må verta skjemd når han inkje vondt hev å segja um oss.

9  Tenarar skal du påminna um å vera lydige mot sine eigne herrar, å tekkjast dei i alle ting, ikkje segja imot,

10  ikkje vera utrue, men visa all god truskap, so dei i alle ting kann vera til pryda for Guds, vår frelsars læra.

11  For Guds nåde er openberra til frelsa for alle menneske,

12  med di han uppsedar oss til å segja frå oss gudløysa og dei verdslege lystene og leva viseleg og rettferdigt og gudleg i den verdi som no er,

13  medan me ventar på den sæle von og openberringi av den store Guds og vår frelsar Jesu Kristi herlegdom,

14  han som gav seg sjølv for oss, so han kunde løysa oss ut frå all urettferd og reinsa seg eit eigedomsfolk, som er ihuga til gode gjerningar.

15  Tala soleis, og påminn og refs med alt mynde! Lat ingen vanvyrda deg!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23