«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos høysang 8

1  Å, gjev du var som ein bror for meg, hadde soge brjostet åt mor mi! Um eg då fann deg der ute, so kysste eg deg, og ingen vanvyrde meg for det.

2  Eg leidde deg, førde deg til huset åt mor mi, og du skulde læra meg; eg skjenkte deg kryddevinen, safti av granattreet mitt.

3  Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.

4  Eg naudbed dykk, Jerusalems døtter! Kvi vil de vekkja, og kvi vil de eggja kjærleiken, fyrr han sjølv so vil?

5  Kven er ho som kjem upp frå øydemarki, studd til sin ven? Under apalen vekte eg deg; der var det mor di åtte deg, der fekk ho deg, ho som fødde deg.

6  Set meg til innsigle på ditt hjarta, til innsigle på din arm; for sterk som dauden er kjærleiken, strid som helheimen i si trå; han brenn som den logande eld, ein Herrens loge.

7  Kor store vatni er, dei kann ikkje sløkkja kjærleiken, og ingi elvar kann fløda yver han; um nokon vilde gjeva for kjærleiken alt det han hev i sitt hus, so vart han berre til narr.

8  Me hev ei liti syster, som endå ikkje hev barm. Kva skal me gjera med syster vår den tid ho fær belarar?

9  Er ho ein mur, byggjer me på han tindar av sylv; er ho ei dør, stengjer me henne med ein sederplanke.

10  Eg var ein mur, og min barm som tårni på den; då fekk han godhug for meg og gav meg fred.

11  Ein vingard hadde Salomo i Ba'al-Hamon, den vingarden gav han til vaktarar; kvar mann skulde gjeva tusund sekel sylv for frukti av han.

12  Yver min eigen vingard råder eg sjølv; dei tusund sekel er dine, Salomo, tvo hundrad er deira som vaktar frukti.

13  Du som bur inni hagane! Vener lyder på di røyst; lat meg høyra henne!

14  Fly, du min ven! Ver som eit rådyr, som den unge hjorten på fjell med angande urter!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23