«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos høysang 7

1  Kor fagert du skrid fram i dine sko, du hovdingdotter! Dine lender er bogne som ei sylgja, smidd av ei kunstnarhand.

2  Fanget ditt er som runde staupet; gjev det aldri må vanta vin! Midja er som ein kveitehaug med liljor ikring.

3  Barmen er som tvo rådyrkalvar, tvillingar til ei rådyr.

4  Halsen din er som filsbeinstårnet, augo som Hesbons tjørner ved Bat-rabbims port, nasen som Libanon-tårnet, som skodar ut mot Damaskus.

5  Hovudet ris liksom Karmel, hårflaumen er som purpur; kongen er fanga i dine lokkar.

6  Kor fager, kor ljuvleg du er, du kjærleiks so hugnadsrik!

7  Rakvaksi er du som ei palma, og barmen din er som druvor.

8  Eg meiner eg stig upp i palmetreet, i greinene tek eg tak. Som druvor på vintreet vere din barm, din ande som angen av eple

9  og gomen som finaste vin! -* Den som glid lett ned for min ven, som fær lippone på sovande til å tala.

10  Eg høyrer venen min til, og til meg stend hans trå.

11  Kom, min ven, lat oss ganga ut på marki, lat oss vera i grendene natti yver!

12  Lat oss ganga i otta til vingardane, lat oss sjå um vintreet sprett, um blomane slær seg ut, um granattrei blømer! Der vil eg gjeva deg min kjærleik.

13  Rune-epli angar, og yver våre dører er alle slag gilde frukter, både nye og gamle. Min ven, eg hev gøymt dei til deg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23