«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos høysang 5

1  Eg er komen til min hage, mi syster, mi brur! Eg hev plukka min myrra og min balsam, eg hev ete mi honningkaka og min honning, eg hev drukke min vin og mi mjølk. Et, de lagsbrør og drikk! Drikk og vert fjåge, mine vener!

2  Eg søv, men mitt hjarta vaker; då høyrer målet åt venen min - han bankar på; Lat upp for meg, du mi syster, min hugnad, mi duva, du reine! For mitt hovud er fullt av dogg, mine lokkar av natte-dropar.

3  [Eg sa:] Eg hev teke av meg kjolen, skal eg klæda på meg att? Eg hev tvege mine føter, skal eg sulka dei til att?

4  Min ven rette handi inn gjenom luka; då kløkktest mitt hjarta for hans skuld.

5  Eg reis upp, vilde opna for venen min; det draup myrra av hendene mine, av fingrane rennande myrra som vætte handtaket på låset.

6  So opna eg døri for min ven, men min ven hadde gjenge sin veg. Mi sjel var frå seg for ordi hans. Eg leita etter han, men fann han ikkje; eg ropa på han, men han gav ikkje svar.

7  Då møtte eg vaktmennene som sveiv ikring i byen, dei slo meg, dei gav meg sår; dei tok sløret i frå meg, vaktarane på murane.

8  Eg naudbed dykk, de Jerusalems døtter! Um de finn min ven, kva skal de då segja han? - At eg er sjuk av kjærleik.

9  Kva er din ven framom andre vener, du fagraste av kvinnor, kva er din ven framum andre vener, sidan du naudbed oss so?

10  Min ven er ljosleitt og raud, utmerkt framum ti tusund.

11  Hans hovud er som det skiraste gull; hans lokkar er krusa, svarte som ramnen.

12  Augo er som duvor attmed rennande bekker; dei laugar seg i mjølk, dei kviler i si råma.

13  Kinni er som angande blomesenger, der kryddeurter veks; lippone er som liljor, dei dryp av rennande myrra.

14  Hans hender er gullringar, sette med krysolitar, midja eit kunstverk av filsbein, prydt med safirar.

15  Hans føter er marmorstolpar på stettar av finaste gull; som Libanon er hans skapnad, herleg som sedrane.

16  Hans gom er søt, og hugnad er heile han. Slik er venen og felagen min, de Jerusalems døtter.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23