«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Salomos høysang 3

1  På lægjet leita eg um natti etter han som leikar i min hug; eg leita, men fann han ikkje.

2  [Då sa eg:] Eg vil upp og sviva kring i byen, på gatone og på torgi; eg vil leita etter han som leikar i min hug. Eg leita, men fann han ikkje.

3  Eg møtte vaktarane, som sviv ikring i byen. [Eg sa til dei:] Hev de set han som leikar i min hug?

4  Eg hadde ikkje fyrr gjenge frå dei, fyrr eg fann han som leikar i min hug. Eg tok fat på han og eg slepper han ikkje fyrr eg fær han inn i huset åt mor mi, i koven hennar som åtte meg.

5  Eg naudbed dykk, de Jerusalems døtter, ved rådyri eller ved hindane i marki, at de ikkje vekkjer og ikkje eggjer kjærleiken, fyrr sjølv han so vil!

6  Kven er ho som kjem upp frå øydemarki, som var det røykstolpar, umfløymd av angande myrra og røykjelse, av alle slag kræmar-kryddor?

7  Sjå, her er Salomos seng med seksti kjempor ikring, av Israels herkjempor.

8  Alle er væpna med sverd, er røynde i hermanns-yrket. Kvar ein ber sverdet ved lend til vern imot fårar um natti.

9  Ei bereseng laga kong Salomo seg av Libanons tre.

10  Stolpane laga han av sylv, ryggstøi av gull, puta av purpurraudt ty. Inni er ho i kjærleik prydd av Jerusalems døtter.

11  De Sions døtter, gakk ut og sjå på kong Salomo med kruna som mor hans hev krynt han med på hans brudlaupsdag, på hans hjarte-fagnads dag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23