«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Ruths bok 4

1  Medan hadde Boas gjenge upp til byporten og sett seg der. Då høvde det so at den løysingsmannen som Boas hadde tala um, gjekk framum der, og Boas sa: Kom hit og set deg her, frende! Då kom han og sette seg.

2  So henta Boas ti av styresmennene i byen og sa: Set dykk her! Og dei sette seg.

3  Sidan sa han til løysingsmannen: Det åkerstykket som Elimelek, bror vår, åtte, hev No'omi selt, ho som er attkomi frå Moab-landet.

4  Eg tenkte at eg vilde varsla deg um det og segja: Kjøp det du medan dei er til stades dei som sit her, og styresmennene for folket mitt! Vil du taka det etter løysingsretten, so gjer det; vil du ikkje løysa det, so seg frå til meg, so eg fær vita det; for ingen annan eig løysingsretten enn du, og næst etter deg er det eg sjølv. Han svara: Eg vil løysa det.

5  Då sa Boas: Når du kjøper åkeren av No'omi, so kjøper du han og av Rut, moabitkvinna, kona åt den avlidne, og du skyldar å reisa upp att namnet åt den avlidne på odelseiga hans.

6  Løysingsmannen svara: So kann eg ikkje nytta løysingsretten min; for då kom eg til å spilla min eigen odelsgard. Løys du åt deg det eg skulde ha løyst; for eg kann ikkje løysa det.

7  Det var gamal sed i Israel at når ein mann skulde stadfesta ei attløysing eller eit avtala byte, då drog han av seg skoen og gav han til den andre; det var i Israel jamgodt med eit vitnemål.

8  Difor sa løysingsmannen til Boas: Kjøp det du! og so drog han av seg skoen.

9  Då sa Boas til styresmennene og alt folket: De er i dag vitne på at eg hev kjøpt av No'omi alt det som Elimelek åtte, og alt det Kiljon og Mahlon åtte.

10  Og Rut, moabitkvinna, enkja etter Mahlon, hev eg vunne meg til kona for å reisa upp namnet åt den avlidne på odelseiga hans, so namnet hans ikkje skal verta utrudt millom brørne hans eller i porten på heimstaden hans; det er de vitne på i dag.

11  Og alt folket som var i porten, og styresmennene sa: Ja, det er me vitne på. Herren late den kvinna som no gjeng inn i huset ditt, verta som Rakel og Lea, dei tvo som bygde upp Israels hus, og gjev du må koma til velmakt i Efrata og få ein namngjeten son i Betlehem!

12  Gjev Herren vilde lata deg og denne unge kvinna få slikt avkjøme at huset ditt vert likt huset åt Peres, han som var son åt Juda og Tamar!

13  So tok Boas Rut til seg, og ho vart kona hans; han gjekk inn til henne, og Herren laga det so at ho vart med barn og fekk ein son.

14  Då sa kvinnone til No'omi: Lova vere Herren, som ikkje let deg vanta løysingsmann i dag, og han verte namngjeten i Israel*!

15  Han skal kveikja di sjel og forsyta deg i alderdomen; for sonekona di, som held so av deg, er mor hans, ho som er meir for deg enn sju søner.

16  Og No'omi tok barnet og la han i fanget sitt og vart fostermor hans.

17  Og grannekonone gav han namn og sa: No'omi hev fenge ein son! Dei kalla han Obed; Han vart far åt Isai, far hans David.

18  Her er ættetavla hans Peres: Peres fekk sonen Hesron,

19  og Hesron fekk sonen Ram, og Ram fekk sonen Amminadab,

20  og Amminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salma,

21  og Salmon fekk sonen Boas, og Boas fekk sonen Obed,

22  og Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23