Ruths bok 3
1 Og No'omi, vermor hennar, sa til henne: Eg vil sjå til å finna deg ein heim, dotter mi, so du kann få det godt.
2 Høyr no: Du kjenner Boas, husbonden åt dei gjentone du fylgdest med, og veit at han er skyld oss. No i natt kastar han bygget sitt på treskjestaden.
3 No skal du två deg og salva deg, og so skal du hava på deg klædi dine og ganga ned til treskjestaden; men lat ikkje mannen sjå deg fyrr han hev ete og drukke sitt nøgje.
4 Når han so legg seg, skal du merkja deg staden der han legg seg; Gakk so dit og slå upp åklædet nedmed føtene hans og legg deg der; då segjer han deg sjølv kva du skal gjera!
5 Ho svara: Eg skal gjera alt det du segjer.
6 So gjekk ho ned til treskjestaden og gjorde i alle måtar so som vermori hadde sagt henne fyre.
7 Då Boas hadde ete og drukke og var komen i godlag, gjekk han og la seg attmed kornhaugen; då kom ho stilt og slo upp åklædet nedmed føtene hans og la seg der.
8 Midnattsbel vart mannen uppskræmd og bøygde seg framyver, og so fekk han sjå at det låg ei kvinna nedmed føtene hans.
9 Og han sa: Kven er du? Ho svara: Eg er Rut, tenestkvinna di. Breid åklædet ditt yver tenestkvinna di; for du er løysingsmannen* min.
10 Då sa han: Herren velsigne deg, dotter mi! Du hev no synt større kjærleik enn fyrr, med di du ikkje hev gjenge etter dei unge karane, korkje fatige eller rike.
11 Ver no ikkje redd, dotter mi! Alt det du segjer, vil eg gjera for deg; for alt folket i byen min veit at du er ei fagna kvinna.
12 Det er sant som du segjer: Eg er i røyndi løysingsmannen din; men det finst ein annan løysingsmann som er næmare enn eg.
13 Ver no her i natt! Vil han då i morgon løysa deg, vel, so lat han det! Men hev han ikkje hug til å løysa deg, so skal eg gjera det, so visst som Herren lever! Ligg no her til morgons!
14 So vart ho liggjande nedmed føtene hans til morgons, då reiste ho upp fyrr det var so ljost at folk kunde kjenna kvarandre; for han tenkte: Det må ikkje spyrjast at kvinna hev kome hit til treskjestaden.
15 Sidan sa han: Kom hit med den kåpa du hev på deg, og haldt henne fram! So heldt ho kåpa fram, og han mælte i seks mål bygg og la det på ryggen hennar; dermed gjekk ho inn til byen.
16 Då ho kom heim til vermor si, spurde ho: Korleis gjekk det deg, dotter mi? Då fortalde ho henne alt det mannen hadde gjort mot henne,
17 og sa: Desse seks måli med bygg gav han meg; for han sa: Du må ikkje koma tomhendt heim til vermor di.
18 Då svara No'omi: Haldt deg no i ro, dotter mi, til du fær sjå korleis det gjeng med dette! For den mannen gjev seg ikkje fyrr han fær greidt saki, og det i denne dag.