«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Ruths bok 2

1  No'omi hadde ein kjenning som var skyld mannen hennar, ein rik mann av ætti hans Elimelek; han hette Boas.

2  Ein dag sa Rut, Moab-kvinna, til No'omi: Lat meg ganga ut på åkeren og sanka aks etter einkvar som syner at han vil meg vel! Ho svara: Ja, gakk du, dotter mi!

3  So gjekk ho av stad og kom til ein åker og sanka aks der etter skurdfolket, og det høvde so til at åkerstykket høyrde Boas til, han som var av ætti hans Elimelek.

4  Best det var, kom Boas dit frå Betlehem, og han sa til skurdfolket: Herren vere med dykk! Dei svara: Herren velsigne deg!

5  Og Boas spurde den drengen som hadde tilsyn med skurdfolket: Kven høyrer ho til denne gjenta?

6  Drengen som hadde tilsyn med skurdfolket, svara: Det er den unge moabitkvinna som fylgde med No'omi hit frå Moab-landet.

7  Ho spurde um ho kunde få plukka og henta i hop dei aksi som ligg att millom kornbandi etter skurdfolket, og so kom ho, og hev stade her frå i dag tidleg og til no; det er ikkje langt belet ho hev sete inne.

8  Då sa Boas til Rut: Høyr, dotter mi! Du skal ikkje ganga av stad og sanka aks på nokon annan åker; gakk ikkje her ifrå heller, men haldt deg åt tenestgjentone mine her!

9  Sjå etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og gakk etter dei! Eg hev sagt til drengene at dei ikkje skal røra deg; og vert du tyrst, so gakk burt åt kjeri og drikk av det som drengene auser upp!

10  Då kasta ho seg ned med andletet mot jordi og sa til han: Kvifor hev eg funne slik nåde for augo dine at du hev umsett for meg, endå eg er framand?

11  Boas svara henne so: Dei hev fortalt meg alt det du hev gjort mot vermor di etter mannen din var avliden, korleis du skildest frå far din og mor di og fedrelandet ditt og for til eit folk som du ikkje kjende noko til fyrr.

12  Herren gjeve deg lika for det du hev gjort! Gjev du måtte få full løn av Herren, Israels Gud, han som du hev kome til for å finna livd under vengene hans.

13  Ho sa: Lat meg finna nåde for augo dine, herre, etter di du hev trøysta meg og tala blidt til tenestkvinna di, endå eg ikkje ein gong er so mykje som ei av tenestgjentone dine.

14  Då det leid til måls, sa Boas til henne: Kom hit og et av brødet og duppa brødstykket ditt i vineddiken! Då sette ho seg jamsides med skurdfolket, og han rette henne steikte aks, og ho åt og vart mett og hadde endå att noko.

15  So reiste ho seg og tok til å sanka; og Boas sa til drengene sine: Ho må gjerne sanka millom kornbandi og; gjer henne ikkje noko til meins!

16  Ja, de skal draga ut aks or bandi og lata dei liggja, so ho kann sanka dei upp; ingen må skjenna på henne.

17  So sanka ho aks på åkeren alt til kvelds, og då ho banka utor det ho hadde plukka, vart det på lag ein efa med bygg.

18  Ho tok det upp og gjekk til byen, og vermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. So tok ho fram det som vart att då ho hadde ete seg mett, og gav henne det.

19  Då sa vermori til henne: Kvar hev du sanka i dag, og kvar hev du arbeidt? Velsigna vere han som hadde slik umsut for deg! So fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå, og sa: Den mannen som eg hev arbeidt hjå i dag, heiter Boas.

20  Då sa No'omi til sonekona si: Velsigna vere han av Herren, som ikkje hev teke si miskunn burt, korkje frå dei levande eller dei avlidne! Og ho la til: Den mannen er i skyld oss; han er ein av løysingsmennene* våre.

21  Og Rut, moabitkvinna, sa: Han sa og til meg: Haldt deg åt folki mine til dei gjort frå seg all skurden min.

22  Då sa No'omi til Rut, sonekona si: Det er godt, dotter mi, at du fylgjest med gjentone hans; på ein annan åker kunde dei snart ha gjort deg eitkvart til meins.

23  So heldt ho seg åt gjentone hans Boas og sanka aks til både byggskurden og kveiteskurden var ende. Men ho budde hjå vermor si.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23