Paulus' brev til Romerne 8
1 So finst det då ingi fordøming for dei som er i Kristus Jesus;
2 for lovi åt livsens Ande hev i Kristus Jesus gjort meg fri frå lovi åt syndi og dauden.
3 For det som var umogeleg for lovi, av di ho var maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen Son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet,
4 so kravet åt lovi skulde verta fullnøgd i oss, me som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden.
5 For dei som er slike at dei let kjøtet råda, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som let Anden råda, trår etter det som høyrer Anden til.
6 For det som kjøtet trår etter, er dauden, men det som Anden trår etter, er liv og fred,
7 av di det som kjøtet trår etter er fiendskap mot Gud - for det vil ikkje lyda Guds lov, kann det ikkje heller -
8 og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud.
9 Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men er det nokon som ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til.
10 Men er Kristus i dykk, so er nok lekamen daud på grunn av synd, men åndi er liv på grunn av rettferd.
11 Men dersom hans Ande som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege lekamar levande ved sin Ande, som bur i dykk.
12 So hev me då, brør, ingen skyldnad på oss mot kjøtet, so me skulde leva etter kjøtet.
13 For lever de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de gjerningane åt lekamen ved Anden, so skal de leva.
14 For alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.
15 Det var då ikkje ei trældoms-ånd de fekk, so de atter skulde reddast; nei, de fekk ei barnekårs-ånd, som gjer at me ropar: Abba, Fader!
16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born.
17 Men er me born, so er me ervingar og - Guds ervingar og Kristi medervingar, so framt me lid med han, for at me og skal verta herlegjorde med han.
18 For eg held fyre at lidingane i den tidi som no er, ikkje er vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss.
19 For skapningen lengtar og stundar etter at Guds born skal verta openberra;
20 for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som la han derunder -
21 i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdomen og vinna den fridomen som fylgjer med herlegdomen åt Guds born.
22 For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no;
23 ja, ikkje berre det, men me og, endå me hev fyrstegrøda av Anden, me sukkar og med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, utløysingi av lekamen vår.
24 For i voni er me frelste, men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det han ser?
25 Men vonar me noko me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod.
26 Men sameleis kjem Anden oss og til hjelp i vår vanmakt. For me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det; men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for,
27 og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for det er etter Guds vilje han bed for dei heilage.
28 Og me veit at alle ting tener til gagn for dei som elskar Gud, dei som etter hans rådgjerd hev vorte kalla.
29 For dei som han fyreåt kjende, dei hev han og fyreåt etla til å likjast biletet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør;
30 og dei som han fyreåt etla til det, dei hev han og kalla, og dei som han kalla, dei hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, dei hev han og herleggjort.
31 Kva skal me då segja til dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss?
32 Han som ikkje sparde sin eigen Son, men gav han for oss alle, korleis skulde han kunna gjera anna enn gjeva oss alle ting med han?
33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer.
34 Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, meir enn det, som og hev stade upp att, som og er ved Guds høgre hand, som og bed for oss.
35 Kven vil skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller angest eller forfylgjing eller svolt eller nakenskap eller fåre eller sverd?
36 som skrive stend: For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slaktesauer.
37 Men i alt dette vinn me meir enn siger ved han som elska oss.
38 For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller makter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noko velde,
39 korkje høgd eller dypt eller noko anna som skapt er, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.