Paulus' brev til Romerne 7
1 Eller veit de ikkje, brør - for eg talar til folk som kjenner lovi - at lovi råder yver mennesket for so lang tid som det lever?
2 Soleis er ei gift kvinna ved lovi bundi til mannen sin so lenge han lever; men døyr mannen, er ho løyst frå lovi som batt henne til mannen.
3 Difor skal ho kallast horkona i fall ho gifter seg med ein annan mann medan mannen hennar lever; men døyr mannen, so er ho fri frå lovi, so ho ikkje vert nokor horkona um ho vert gift med ein annan mann.
4 Soleis, mine brør, døydde de og frå lovi ved Kristi lekam, av di de skulde høyra ein annan til - han som stod upp frå dei daude, so me kann bera frukt for Gud.
5 For då me var i kjøtet, verka dei syndige lystene, som vart vekte ved lovi, soleis i lemene våre at me bar frukt for dauden;
6 men no er me løyste frå lovi - me hev døytt frå det som heldt oss bundne, so me tener på ny vis: etter Anden, ikkje på gamal vis: etter bokstaven.
7 Kva skal me då segja? Er lovi synd? Nei, langt ifrå! men eg kjende ikkje syndi utan gjenom lovi; for eg hadde ikkje visst um lysti, hadde ikkje lovi sagt: Du skal ikkje lysta!
8 Men syndi nytta bodet til å verka allslags lyst i meg; for utan lov er syndi daud.
9 Eg levde ei tid utan lov; men då bodet kom, livna syndi upp,
10 men eg døydde; og bodet, som skulde vera til liv, det røyndest å vera meg til daude;
11 for syndi nytta bodet til å dåra meg, og drap meg med det.
12 So er då lovi heilag, og bodet heilagt og rettvist og godt.
13 Hev då det som er godt, vorte meg til daude? Nei, langt ifrå! Det var syndi, for di ho skulde syna seg å vera synd, med di ho volde meg dauden med det som er godt - for di syndi skulde verta ovleg syndig ved bodet.
14 For me veit at lovi er åndeleg; men eg er kjøtleg, seld under syndi;
15 for det eg gjer, skynar eg ikkje; for eg gjer ikkje det som eg vil, men det som eg hatar, det gjer eg.
16 Men gjer eg det som eg ikkje vil, so sannar eg med lovi at ho er god;
17 men no er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi, som bur i meg.
18 For eg veit at i meg, det vil segja i kjøtet mitt, bur inkje godt; viljen hev eg, men gjera det gode vinn eg ikkje;
19 for eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.
20 Men gjer eg det som eg ikkje vil, so er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi, som bur i meg.
21 So finn eg då den lovi for meg, eg som vil gjera det gode, at det vonde ligg meg for handi.
22 For eg hev mi gleda i Guds lov etter mitt indre menneske,
23 men i lemene mine ser eg ei onnor lov, som strider mot lovi i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelovi, den som er i lemene mine.
24 Eg arme menneske! kven skal fria meg frå denne daudens lekam?
25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! - So tener då eg, slik som eg er i meg sjølv, Guds lov med hugen, men syndelovi med kjøtet.