Paulus' brev til Romerne 6
1 Kva skal me då segja? Skal me halda fram i syndi, so nåden kann verta so mykje større?
2 Nei, langt ifrå! Me som hev døytt frå syndi, kor skulde me endå leva i syndi?
3 Eller veit de ikkje at alle me som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til dauden hans?
4 Soleis vart me ved dåpen til dauden gravlagde med han; for liksom Kristus vart reist upp att frå dei daude ved Faderens herlegdom, so skal me og ferdast i ein ny livnad.
5 For hev me vorte sameina med han ved likskaparen med dauden hans, so skal me og verta det ved likskapen med uppstoda hans,
6 sidan me veit dette at vårt gamle menneske vart krossfest med han av di synde-lekamen skulde verta til inkjes, so me ikkje skal tena syndi lenger;
7 for den som hev døytt, han er rettferdiggjort frå syndi.
8 Men hev me døytt med Kristus, so trur me at me skal leva med han,
9 av di me veit at etter Kristus stod upp frå dei daude, døyr han ikkje meir; dauden hev ikkje lenger velde yver han.
10 For den dauden han døydde, den døydde han EIN gong for syndi, men det livet han lever, det lever han for Gud.
11 Soleis lyt de halda dykk for daude for syndi, men levande for Gud i Kristus Jesus.
12 So lat då ikkje syndi råda i den døydelege lekamen dykkar, so de lyder lystene hans!
13 Bjod ikkje heller lemene dykkar fram åt syndi til våpen for urettferdi, men bjod dykk sjølve fram åt Gud, sidan de frå daude hev vorte levande, og bjod lemene dykkar fram åt Gud til våpen for rettferdi!
14 For syndi skal ikkje få råda yver dykk; de er ikkje under lovi, men under nåden.
15 Kva då? Skal me synda, sidan me ikkje er under lovi, men under nåden? Nei, langt ifrå!
16 Veit de ikkje at når de byd dykk fram åt einkvan til tenarar, so de lyder han, so er de tenarar under den som de soleis lyder, anten det er under syndi - då vert det til daude - eller under lydnaden - då vert det til rettferd -
17 Men Gud vere takk at de nok hev vore tenarar under syndi, men no av hjarta hev vorte lydige mot den lærdomsform som de vart yvergjevne til!
18 Og sidan de er frigjorde frå syndi, hev de vorte tenarar for rettferdi.
19 Eg talar på menneskevis for skuld vanmakti åt kjøtet dykkar. For liksom de baud lemene dykkar fram til tenarar for ureinskapen og urettferdi, so det vart til urettferd, soleis skal de no bjoda lemene dykkar fram til tenarar for rettferdi, so det vert til helging.
20 For då de tente syndi, var de frie frå rettferdi.
21 Kva frukt hadde de då den gongen? Slikt som de no skjemmest ved; for enden på det er dauden.
22 Men no som de er frigjorde frå syndi og hev vorte Guds tenarar, hev de dykkar frukt til helging, og enden på det er at de fær æveleg liv.
23 For den løni som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er æveleg liv i Kristus Jesus, vår Herre.