Paulus' brev til Romerne 5
1 Sidan me no er rettferdiggjorde av trui, hev me fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus,
2 som me ved trui og hev fenge tilgjenge ved til denne nåden som me stend i, og me rosar oss av von um Guds herlegdom;
3 ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av trengslone våre, for me veit at trengsla verkar tolmod,
4 og tolmod verkar røynsla, og røynsla verkar von,
5 og voni gjer oss ikkje til skammar, av di Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved den Heilage Ande, som er oss gjeven.
6 For medan me endå var vanmektige, døydde Kristus til fastsett tid for ugudlege.
7 Det er vandt um nokon vil ganga i dauden for ein rettferdig - endå det kann vel henda at einkvan kunde taka på deg å døy for ein god mann -
8 men Gud syner oss sin kjærleik med di at Kristus døydde for oss medan me endå var syndarar.
9 So mykje meir skal me då, no som me er rettferdiggjorde ved hans blod, ved han verta frelste frå vreiden.
10 For so sant me, då me var Guds fiendar, vart forlikte med han ved dauden åt Son hans, so skal me no som me er forlikte, so mykje meir verta frelste ved hans liv;
11 ja, ikkje berre det, men me rosar oss og av Gud ved vår Herre Jesus Kristus, liksom det er ved han me no hev fenge forlikingi.
12 Difor, liksom syndi kom inn i verdi ved eitt menneske, og dauden ved syndi, og dauden soleis trengde seg igjenom til alle menneske, for di alle synda -
13 for synd var det i verdi fyrr lovi kom, men syndi vert ikkje tilrekna nokon der det ingi lov er;
14 like vel rådde dauden frå Adam til Moses ogso yver dei som ikkje hadde synda i likskap med brotet åt Adam, han som er eit fyrebilete på den som skulde koma.
15 Men det er ikkje like eins med nådegava som med fallet; for um dei mange laut døy for di den eine hadde falle, hev so mykje meir Guds nåde og den gåva som kjem av det eine menneske Jesu Kristi nåde, vorte ovrik for dei mange.
16 Og ikkje er det soleis med gåva som det vart då ein mann synda; for domen vart til fordøming for ein mann skuld, men nådegåva vart til fridøming for mange fall skuld.
17 For kom dauden på grunn av ein manns fall til å råda ved denne eine, skal so mykje meir dei som fær den overike nåden og rettferdsgåva, leva og råda ved den eine, Jesus Kristus.
18 Difor, liksom EIN manns fall vart til fordøming for alle menneske, soleis vart og EIN manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske;
19 for liksom dei mange vart syndarar av di det eine mennesket var ulydigt, so skal og dei mange verta rettferdige av di den eine var lydig.
20 Men lovi kom attåt so fallet skulde verta stort; men der syndi vart stor, vart nåden endå større;
21 for liksom syndi rådde ved dauden, skulde og nåden råda ved rettferd til eit æveleg liv ved Jesus Kristus, vår Herre.